Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Terje Haugen takkar for seg som leiar

Elinor Bolme Onsdag 30. mars 2016

Under gårsdagens årsmøte i IL Søya vart det endringar på toppen, da leiar Terje Haugen ikkje tok gjenvalg etter fem år som lagets leiar. Ny leiar vart Ann-Elin Stenberg, førøvrig den 2. kvinnelege leiaren i idrettslagets 97. år lange historie. Ho tek over eit velfungerande idrettslag med mange gode og arbeidssomme undergrupper skriv IL SØYA på si heimeside.

Det vart også utnevnt ei lita gruppe som startar med forbredelser til lagets 100 års jubileum som er i 2019. Gruppa vil helt sikkert trenge god hjelp og håper mange vil bidra med gode ideer framover. Korleis dette vil bli organisert kjem gruppa tilbake til i egna medium seinare.

201603-2-damer-og-en-mann

Ann-Elin Stenberg (til høgre) vart ny leder i idrettslaget Søya, avtroppende leder Terje Haugen i midten og regnskapsfører, æresmedlem og frem til årsmøtet i går den einaste kvinnelege leiaren i idrettslagets 97-årige historie; Marit Haugen.

 

Publisert: 30. mars 2016, 15:04