Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7204 artiklar i dette arkivet.


Byr på Quiz-kveld på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. april 2023

Todalshytta byr på åpen pub med PÅSKEQUIZ langfredag 7. april frå kl 19:00 og utover.  Quiz-mastere er Mari Brusethaug Redalen og Sondre Halset – Todalshytta lover flotte premiar , og ønskjer alle velkomne til triveleg påskeQuiz!  Les meir om påsken på Todalshytta her på Todalen.no   


Priviligert påskevandring

Jon Olav Ørsal Fredag 31. mars 2023

Vi som fekk vera med på den gjennomarbeidde og gripande song- og musikkstunda ved påskevandring i Stangvikkyrkja onsdag før den stille veka, har mykje å takka for. Vi fekk ei god førebuing til påskehøgtida ved koret Prosjekt 17 som no har mange fine soliststemmer, både mannlege og kvinnelege. Med sitt krevjande og utsøkte repertoar førte dei oss rett inn  i påskebodskapen, både gjennom deler av Handels «Messias» og Mendelssohns arie frå oratoriet «Elias» og Elgars «Ave verum corpus», og ikkje minst gjennom Jesu sju ord på korset, tekster sammensatt frå alle evangelia og solosong med stilisert tablå ved kormedlemer og fleire.


Saniteten inviterte til beredskapssamarbeid

Jon Olav Ørsal Fredag 31. mars 2023

Sanitetskvinnene har ein over hundre år lang tradisjon for å arbeide med beredskaps-  og  helsearbeid – no oppfordrar dei lag og organisasjonar og lokale firma til å bli med på å planlegge og sette i system dette arbeidet. Første samling for å kome i gang var torsdag kveld i Sanitetshuset. Maren Ansnes som er leiar i […]


Vi som lagar maten – fokus på sjølvforsyning

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. mars 2023

Jammen kom det ikkje eit par lam litt i forkant av lammingstida – det var nok eit bekkerlam som lura seg frampå, og det skjedde nok heilt på tampen av beitesesongen smiler Ola og løftar opp ein av dei to nykomlingane.  Ola er glad i dyr, og gler seg til lammingssesongen kjem i gang for fullt om eit par veker.  Med eit trettitals lamsauer blir det nok liv i leiren etter kvart. 


Årsmøte i Todalen.no – eit år på det jamne

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. mars 2023

Onsdag kveld var det årsmøte i Todalen.no.  Med grei økonomi og eit lite overskudd på knappe 40 tusen vart både regskap og årsmelding fort unnagjort.  Etter pandemien er Todalen.no attende til «normal drift», der nettsida har hatt omtren 455.ooo besøkande i løpet av 2022 – det er tal som har gått oppover heile tida, men ser kanskje ut til å nå ei metning etter kvart. 95% av besøkande kjem frå Noreg, medan USA, Sverige og Tyskland står for flest besøk frå utlandet.


Påskekos og matservering på Todalshytta i påska

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. mars 2023

Todalshytta åpner opp for matservering og påskekos i påskehelga.  Da byr hytta på både god mat og drikke, samt trivelige stunder både i restaranten og i peisestua etter maten.  Bla videre som finner du både åpningstider og påskemenyen i vår restaurant.


Lærte å pode frukttre i arboretet

Jon Olav Ørsal Måndag 27. mars 2023

Søndag var det podekurs i Svinviks arboret – 13 deltakarar fra regionnen stilte opp for å lære seg å pode frukttre.  Det var både epletre, plommetre og kirsebærtre til rådighet, og mange av de som deltok på kurset fikk med seg et par ferdigpoda fruktre heim etter kurset. 


Gudsteneste med utdeling action-biblar til 5.-klassingane

Jon Olav Ørsal Sundag 26. mars 2023

Søndag var det gudsteneste i Todalen kyrkje  – eit førtital kyrkjegjengarar hadde funne vegen til kyrkja, der Torbjørn Brøske var liturg.  Brøske er framleis vikarprest og Bernt Bøe trakterte piano og orgel, også han er vikar for organisten. Tema for dagen preken var Maria budskapsdag, og Torbjørn heldt ei interessant og god preken. 


Ola hivar seg inn i næringspolitikken

Jon Olav Ørsal Sundag 26. mars 2023

Ola Kvendset har gått inn i næringspolitikken – eller rettere sagt Bonde- og Småbrukarlaget, både lokalt og på fylkesplan.  På siste årsmøte vart Ola valgt som leder i Surnadal og Rindal Bonde og Småbrukarlag, og nå  sist vart han valgt som nestleder i Møre og Romsdal Bonde og Småbrukarlag.  Vi har fått en pressemelding fra fylkeslaget, der Stein Brubek er leder, som vi har lagt ut nedenfor.  


Uroleg på startstreken – rauk ut av sprinten

Jon Olav Ørsal Sundag 26. mars 2023

I dag var det ein litt uheldig dag under YWC i Val Louron.  Det starta så godt at både Erik Kårvatn (U20 M) og Malin Indergård (U18 W) kvalifiserte seg med glans til kvartfinale under dagens prolog og kvalifiseringsrunde i sprinten. 


Ankelbrot og helikopterhjelp frå Nordviksula

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. mars 2023

Ei skiturist pådro seg ankelbrot og måtte ha helikoptertransport for å kome ned frå Nordviksula laurdag ettermiddag.  Vedkomande fikk ankelbrot etter et fall, og dermd var det transport ned frå fjellet med det nye redningshelikopteret SARS Queen.  Uhellet skjedde ved toppen av Nordviksula – på tur ned frå fjellet. 


Hugs å stille klokka natt til søndag 26. mars

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. mars 2023

Eit oppmuntrande sommartegn er at tida er komen for å stille klokka over på sumartid.  Det betyr ein tile fram, og det skal formelt skje kl 02 natt til søndag, og da skal klokka stilles til k 03.  Dermed blir det ei uvanleg kort natt som ein eventuelt må kompensere med å legge seg ein […]