Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årsmøte i Todalen.no – eit år på det jamne

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. mars 2023

Onsdag kveld var det årsmøte i Todalen.no.  Med grei økonomi og eit lite overskudd på knappe 40 tusen vart både regskap og årsmelding fort unnagjort.  Etter pandemien er Todalen.no attende til «normal drift», der nettsida har hatt omtren 455.ooo besøkande i løpet av 2022 – det er tal som har gått oppover heile tida, men ser kanskje ut til å nå ei metning etter kvart. 95% av besøkande kjem frå Noreg, medan USA, Sverige og Tyskland står for flest besøk frå utlandet.

Besøkstala år for år sia den spede start i august 2009 og fram til i dag.

Todalen.no har ein stabil medlemsmasse – det er bedrifter, lag og organisasjonar som «eig» Todalen.no.  Det er 35 komersielle medlemar og 27 veldedige medlemmar – i tillegg har vi 215 frivillige medlemar som er med og støttar drifta økonomisk.  

På programmet stod også kunngjering av vinner av årets bilete. Her var det Anders Talgø som gikk til topps i 2022. Anders har gått bort sia konkurransen var arrangert, og utdeling vil bli gjort til familien ved eit seinare høve.

Stig Husby og resten av styret fikk fornya tillit på årsmøtet. Foto Jon Olav Ørsal

Siste post saklista var val – her er det også stabilt mannskap, for det vart gjenval over heile fjøla.
Dermed ser oversikten over tillitsvalte slik ut:

Leiar: Stig Husby, gjenval for 1 år
Nestleiar: Emil H. Ansnes, ikkje på val
Styremedlem: Mali R. Skjermo, ikkje på val
Styremedlem: Bjørn Gunna Ansnes, gjenval for 2 år
Styremedlem: Sondre Halset, gjenval for 2 år
Styremedlem: Karin Åsbø, gjenval for 2 år
Revisor: Knut Bergli, gjenval for 1 år
Medlem til valgkomitee: Frode Grønmyr, gjenval for 2 år 

Først publisert: 30. mars 2023, 05:00 - Sist oppdatert: 29. mars 2023, 21:26