Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Uroleg på startstreken – rauk ut av sprinten

Jon Olav Ørsal Sundag 26. mars 2023

I dag var det ein litt uheldig dag under YWC i Val Louron.  Det starta så godt at både Erik Kårvatn (U20 M) og Malin Indergård (U18 W) kvalifiserte seg med glans til kvartfinale under dagens prolog og kvalifiseringsrunde i sprinten. 

Og på dagens kvartfinale konkurrerte Erik i 5. og siste heat, og kom inn på nest beste tid.  Men kva hjelper det når ein får 1 minutt i tillegg og hamnar på 6.-plass.  Dermed var det slutt, og Erik rauk ut av konkurransen.  Årsak til tillegget var at Erik hadde vore uroleg under starten, og fikk altså eit minutt i tillegg for det. 

For Malin var situasjonen slett ikkje likare, for også ho hadde nest beste til under prologen og dermed godt kvalifisert til semifinalen, men også ho var uroleg under starten og fikk eit minutt i tillegg – dermed røyk sjansen for å kome vidare også for henne.   

Publisert: 26. mars 2023, 11:48