Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gudsteneste med utdeling action-biblar til 5.-klassingane

Jon Olav Ørsal Sundag 26. mars 2023

Søndag var det gudsteneste i Todalen kyrkje  – eit førtital kyrkjegjengarar hadde funne vegen til kyrkja, der Torbjørn Brøske var liturg.  Brøske er framleis vikarprest og Bernt Bøe trakterte piano og orgel, også han er vikar for organisten. Tema for dagen preken var Maria budskapsdag, og Torbjørn heldt ei interessant og god preken. 

5.-klassingane Anders og Ådne fikk kvar sin flotte action-bibel – spente saker dette, fortale Torbjørn prest. Foto Jon Olav Ørsal

Elles var 5.-klassingane – i år er det to av dem – Ådne og Anders til stades for å ta i mot kvar sin action-bibel.  Desse biblane er ny og tilpasse den yngre garde, og presten advara om spanande stoff i desse biblane.  Deler av P17-koret var også på plass, og var med og løfta salmesonen i kyrkja.  

Torbjørn Brøske heldt dagen preken sitjande. Det var ein tradisjon i «bibelsogas tid» at prestane sette seg ned når dei hadde noko viktig å fortelje. Foto Jon Olav Ørsal

Soknerådsleiar Kristian Gjeldnes minte på om neste vekes fasteaksjon i soknerådets regi – det skjer komande tysdag, og dei startar opp i 17-tida for å kome rundt i heimane for å få med folk til å støtte fasteaksjonen.  

To av årets konfirmantar, Maria og Tor Asbjørn hjelpte til med tekstlesing under gudstenesta. Foto Jon Olav Ørsal

Elles vart det også minnt på om neste gudsteneste som skjer på Tjønnmyran på 2. påskedag

Todalen kyrkje foto Jon Olav Ørsal

Dagens kyrkjevert var Ann Hjørdis Telstad frå Todalen sokneråd. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 26. mars 2023, 16:49