Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Priviligert påskevandring

Jon Olav Ørsal Fredag 31. mars 2023

Vi som fekk vera med på den gjennomarbeidde og gripande song- og musikkstunda ved påskevandring i Stangvikkyrkja onsdag før den stille veka, har mykje å takka for. Vi fekk ei god førebuing til påskehøgtida ved koret Prosjekt 17 som no har mange fine soliststemmer, både mannlege og kvinnelege. Med sitt krevjande og utsøkte repertoar førte dei oss rett inn  i påskebodskapen, både gjennom deler av Handels «Messias» og Mendelssohns arie frå oratoriet «Elias» og Elgars «Ave verum corpus», og ikkje minst gjennom Jesu sju ord på korset, tekster sammensatt frå alle evangelia og solosong med stilisert tablå ved kormedlemer og fleire.

Samlinga starta med den mektige bibelske salmen «Gører portarna høga» (etter salme 24), som minner oss om palmesøndag, og om at portane inn til det heilage må vera opne for Ærens konge. Vidare fekk vi alle vera med og syngja nokre av alle dei vedunderlege påskesalmane, vandrande gjennom påska: Gå Sion din konge i møte, Den stunda i Getsemane,  Dine hender er fulle av blomster, og til slutt den fulltonande Deg være ære, Herre over dødens makt. Vikarprest Torbjørn Brøske minte oss i andakten om Jesu ord til røvaren på korset: «I dag skal du vera med meg i Paradis.» Han vart tilgitt i siste time. Kor viktig det er med tilgjeving, å be om tilgjeving. Brøske brukte skatteoppgjeret som illustrasjon. Om livets oppgjer blir restskatt og skuld, så kan Jesus skriva «ettergitt, tilgitt» på rekneskapen.

P17-koret i Stangvik kyrkje – Foto Svein Volle

Heile kvelden var påskeevangeliet i ord og tonar.
Bernt Bøe fekk ein velfortent takk for den innsats han gjer langt ut over si vikarstilling som organist. Vi er heldige i Surnadal som har ein slik kapasitet som står på heile tida, har bygd opp eit solid kvalitetskor som gir oss kyrkjemusikalsk substans.

Soknerådet serverte etterpå kveldsmat i kyrkjestua i prestegarden, eit høve til å møtast og dela fellesskap, som er viktig i ei tid som på mange måtar er alvorleg.
Og prest Torbjørn poengterte kor viktig songen er, han framheva songen i Todalen kyrkjelyd som eksemplarisk. «Der kjem folk til kyrkje og syng så ein mest ikkje kjem igjennom,» la han til spøkefullt. Det er fleire todalingar med i koret, som elles består mest av songarar frå Åsskard.

 

 

Først publisert: 31. mars 2023, 18:38 - Sist oppdatert: 2. april 2023, 13:07