Byr på gratis ferge til Smøla
Frå 16. august blir det fleire ferjestrekningar som blir gratis for trafikkantane – mellom anna ferja til Smøla som går frå Sandvika til Edøya. Tidlegare er ferja mellom Hendset og Arasvika gratis, medan du framleis må betale for ferja mellom Seivika og Tømmervåg. Men kjem du altså frå «indre» så er ferjeturane gratis til Smøla – og har du ikkje vore på Smøla så er det så absolutt verdt å ta turen.