Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Reparasjon av asfalt i småskala

Jon Olav Ørsal Fredag 18. august 2023

Det er sikkert mange som har hatt «kontakt» med den store grufsa i overgangen til Rossåbrua ved Todalshugen.  I løpet av dei siste dagane har det vorte eit stort hol der, med ein skrp kant i overgangen til brufundamentet.  Dette er nok hard kost for alle forstillinga, og Kjell Gunnar Polden tok kontakt med Veidekke som har vedlikeheldet på Todalsvegen.  Dei tok hansken og Ola Svinsås frå Veidekke kom på direkten for å fylle att holet med reparasjonsmasse.

Denne grufsa var hard kost for forstillingane, men no vart det bra. Foto Jon Olav Ørsal

Det er nok etterkvart vorte mange skader i asfalten, både innover Stranda og rundt bygda.  Svinsås kunne berolige oss litt med at det i september skal asfalteres nokre korte strekningar rundt om kring i bygda som eit slags strakstiltak.  Det gjeld forbi kyrkja i Smålandsgrenda, i krysset ved Halsabrua og frå Øyabrua og utover til Hjellabrekka – og kanskje fleire? 

Iallfall bra at det vart repondert på det store holet ved Rossåbrua!

Det store holet låg i kanten til Rossåbrua og var ein retteleg forstillingsdødare! Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 18. august 2023, 15:04