Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kårvatn Skyrace 2023 – Erik Johannes Husom kom først i mål – oppdatert

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. august 2023

Kampen om seieren stod egentlig mellom Erik J. Husom og sveitsaren Pascal Egli heile løpet, medan heimefavoritten Erik Kårvatn heldt på tredjeplassen.  Egli var best i motbakkane, medan Husom var kjappast i unnabakkane – dermed vart det Husom som stakk av med sigeren i 29 km løpet.  Husom kom i mål på 3:05:24, og med ein margin på 1 minutt og 5 sekund på Egli til slutt, medan tredsjplassen gjekk til Erik Kårvatn på 3:34.16.  På 4.-plassen kom veteranen Ola Hovdenak knapt eit minutt etter Kårvatn.

Spreke brødre – Even og Aron vann kvar sin klasse under Kårvatn Skyrace 2023 – foto Jon Olav Ørsal

Kårvatn Skyrace hadde rekorddeltaking med 122 påmeldte i alle klassar – heile 48 deltok i 29 km-løypa og 18 i 15km-løypa, medan familie og trim hadde 56 påmeldte.  Arrangøren fikk mykje ros for løypene, og vinnarduoen Husom og Egli meinte at dette var noko av det beste og mest krevjande løypene dei hadde opplevd.  Litt for ein kvar smak egentlig, der Egli var best i motbakkane og Husom best i unnabakkane.  

I 15km-klassen var det som venta Aron Rodal Haugen som trekte det lengste strået, og kom i mål rundt 3 minutt før tyskeren Jan Peterzelt på andreplass og kompisog konkurrent Isak Drøpping på 3.-plass på tida 1:48:44 vel 4 minutt etter.  Aron var dermed uslåeleg i dag, og leia løpet frå start til mål.  I dameklassen på 15km var det Ida Brakstad Orset som fekk beste tid på 2:07:51, med Elise einum på andreplass vel 14 minutt etter.  Gode tider var det og i klassen 12-14 år (10 km), den Even hadde beste tid i herreklassen med 1:31:42, medan dameklassen vart vunne av Ingrid Sandhaug på 1:31:52.  

Gudmund Kårvatn saman med Husom og Egli – dei to rosa arrangøren for flotte, men krevjande løyper. Foto Jon Olav Ørsal

Det var ein kjempefin dag for alle – både for løparar, funksjonærar og heiagjeng som tok seg opp i fjellet.  Værgudane har spela på lag denne dagen, med god temperatur og samtidig litt vind slik at ein fekk litt luftkjøling i dei brattaste bakkane. Det vart iallfal eit flott arrangement som arrangøren Trollheimen Fjellsportklupp har fått mykje skryt for.   

Kårvatn Skyrace 2023 – her er det lagt ut komplett resultatlist for nedlasting som PDF-dokument her på sida.  

Erik Kårvatn går i mål på 3. beste tid på 29km-løypa. Foto Jon Olav Ørsal

Vi er lova bilder frå fjellet etter kvart som fotografane kjem seg i kontakt med breiband, så vi oppdaterer etter kvart utover ettermiddag

en og kvelden.  

Bildegalleri frå dagens arrangement på Kårvat – alle foto Jon Olav Ørsal

Bildegalleri med fjellbilder – vi takker mange bidragsytarar som har sendt oss bilder frå løpet

Først publisert: 19. august 2023, 15:29 - Sist oppdatert: 20. august 2023, 08:43