Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7202 artiklar i dette arkivet.


Kyrkjevalet er klart – her kjem resultatet.

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. september 2023

Kyrkjevalet som gjekk samtidig som kommune- og fylkestingvalet er no klart til å presenterast.  Det var sju kandidatar til nytt sokneråd for Todalen sokn, og dei fire kandidatane som fekk flest stemmer blir det nye soknerådet for 2023 og i 4 år framover.


Telia – slit med kabelbrot

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. september 2023

Basestasjonen som Telia har i Todalen har vore ute av drift sia tysdag ettermiddag.  Det pågår feilsøk, og Telia reknar med at dei skal få retta feilen i løpet av onsdagen.  


Slik blir kommunestyret dei neste 4 åra

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. september 2023

Tysdag kveld vart det klar kven som blir sittande i det nye kommunestyret i neste periode.  Det har vore knytt stor spenning til resultatet.  Etter at dei siste stemmene vart telt står Senterpartiet att med to stemmer meir enn Høgre, og dermed blir resultatet ståande uendra. 


Val 2023 – bruk stemmeretten din!

Jon Olav Ørsal Måndag 11. september 2023

Frå klokka 12:00 og fram til kl 20:00 i dag er vallokala opne.  For Todalen sin del så foregår valet i Sanitetshuset.  Her finn du kommune- og fylkestingvalet i møtelokala, medan kyrkjevalet er lokalisert til kjøkkenet – og med låst dør i mellom.


Hausttakkefest – samla eit femtital til gudsteneste

Jon Olav Ørsal Sundag 10. september 2023

Start 4H hadde pynta og lagt til rette for hausttakkefest i Todalskyrkja sist søndag, og tema for gudstenesta var henta frå Johannesevangeliet og omhandla at Jesus metta 5000 på 5 byggbrød og to fiskar.  Ragna og Lisa sørga for å presentere Start 4H som er har drive i 56 år i Todalen, og fortalte om kva klubben står for og kva som er formåle – og sjølvsagt fekk vi høre 4H-løftet. 



Dro på skuletur til Todalen

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. september 2023

Onsdag dro heile 9.-trinnet ved ungdomskulen (SUBUS) til Todalen på telttur.  Teltplass fann dei på Bordholmen stadion, der dei også kunne bruke fasilitetar som WC og sosiale rom.  På Bordholmen rigga dei til stort grillparty, med grillmat og tilbehør til heile hopen på rundt 60 deltakarar med smått og stort.  


Ingen tvil om kva vi har i vente!

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. september 2023

Om du vil det eller ei, så er det eit tegn på at ei ny årstid er i kjømda når brøytestikkene blir sett ut.  September er ei travel tid for Jenstad Maskin på Gjøra, fortel Ivar Magne Gravem, som onsdag var i full gang med å sette ut brøytestikker etter fylkesvegen rundt bygda. – Ein kan no saktens håpe på at det går nokre veker enno, før det blir behov for brøytestikker. 


Framtidsfullmakt – infokveld som engasjerte mange

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. september 2023

Framtidsfullmakt engasjerer mange – Surnadal sanitetsforening samla fullt hus på Surnadal VG skule for ei vekes tid sia, og tysdag kveld kom det eit 40-tal i Sanitetshuset på Kvennset.  Det var Inger Grete Lundemo frå Advokatene Lundemo i Surnadal som heldt foredrag for eit lydhørt publikum her.  


Bruk røysteretten din – no kan du forhandstemme

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. september 2023

Dersom du er forhindra i å stemme på valdagen 11. september kan du ennå gjera borgarplikta di ved å førhandstemme på kulturhuset. Der er det høve til å stemme både i kommunevalet og fylkestingvalet.  Det skjer i foajen på kulturhuset, til og med fredag 8 september.  Fram til torsdag 7. september er opningstida 9.00 – 17:00, medan den fredag er 9:00 til 15:30.   


Kjem heim frå fjellbeite – vis hensyn til dyr i vegbanen

Jon Olav Ørsal Sundag 3. september 2023

Måndag 4. september blir dei første krøttera henta ned frå beite i Kvennsetdalen.  I sommar har det vore nærare 80 storfe på fjellbeite i Kvennsetdalen, men no er sommaren på hell, og da bers det heimover, og dyra vil bli henta puljevis ned frå fjellet, fortel Ola Kvendset. Han ber om at billistar viser litt hensyn når det er dyr i vegbanen mellom Rossåbrua og Kvennsetøran.


Slamtømming på gang

Jon Olav Ørsal Sundag 3. september 2023

Det er firmaet Norva 24 frå Stryn som melder at firmaet kjem til Todalen for slamtømming av septikanlegget ditt.  Tømming vil skje i vekene 36/37  (perioden 4. – 15. september) dersom alt går etter plana. I veka som gikk fikk alle melding om slamtømming og kva tiltak som må gjerast.  Norva 24 har avtale med Surnadal kommune om tømming av septikkanlegg