Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

To timer med skikkeleg brukbar underhaldning

Jon Olav Ørsal Fredag 10. november 2023

Torsdag kveld hadde Svarraberget Teaterlag generalprøve på sin revy «Folljstendi oBRUkbart». Om revyen er «best ever» skal vi ikkje gje oss ut på å vurdere, men vi er skikkeleg imponert over det vi såg og høyrte under generalprøven.  Godt nøgd med gjennomkøyringa var også Svanhild Husby, som har vore instruktør for årets revy.  Alt var eigentleg bra.  Tekster, song, musikk og dansing satt godt, og det var berre å lene seg bakover i stolen og nyte det vi var servert frå scena.  

Den siste nattverden – foto: Jon Olav Ørsal

På menyen var det både lokal, regional og nasjonal humor av høg klasse. Mest var det sjølvsagt av lokalt format, og det var nok mange som fekk eit lite hint utan at dei trong å ta seg nær av det vi fekk servert frå scena.  Ein honnør må vi også gje til alle dei unge aktørane – bra at dei vil være med og lage revy og bra at dei får sleppe til.

Vi kan berre anbefale å ta turen til kulturhuset – det er i år sett opp to førestillingar – premieren er fredag kveld kl. 19, og andre førestilling er laurdag kveld kl. 18. Det er enno plass på begge førestillingane, men premieren fredag kveld begynner å fyllast opp.  Følg linken her for å kome til «billettkontoret» på kulturhuset. 

Nedafor har vi lagt ut ei bildegalleri frå torsdagens generalprøve – alle foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 10. november 2023, 05:00 - Sist oppdatert: 9. november 2023, 23:35