Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vangsgutane er i sal – les om nye krumspring frå Larris

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. november 2023

2023-utgåva av Vangsgutane er forlengst i sal – både hos Matkroken i Todalen og i andre butikkar rundt omkring.   I hovudrolla er sjølvsagt Steinar, Kåre og Larris, og handlinga er sjølvsagt frå Todalen.  Larris driv som vanleg med på nye krumspring  – mellom anna er handlinga innom fabrikken, der han kanskje gjer mest ugagn. 

Steinar, Kåre, Sigrid og Sterk-Ola prydar framsida på Vangsgutanes utgåve for 2023. Foto Fonna Forlag

Årets utgåvae har to avdelingar, der 16 av 32 sidene er nylaga stoff, der redaktør Kjartan Helleve i Fonna Forlag fortel og Ivan Andreassen teikna.  Den gamle delen har 11 sider, og her får vi gjensyn med Vangsgutane på Oslotur, der dei mellom anna er innom Kontiki-museet.  Her hentar dei inspirasjon til å byggje sin utgåve av Kontiki-flåten og til å dra ut på tur.  Her kan du lese korleis det gikk.  I den gamle delen er det Leif Halse som fortel og Jens R. Nilssen som teiknar.  

Spennande og tradisjonsrikt julestoff som du no kan kjøpe – i tillegg til Vangsgutane er Fonna Forlag også utgjevar av juleheftet «ingeniør Knut Berg». Spennande lektyre for ein og kvar, og som finn på mykje rart.  

Publisert: 11. november 2023, 12:12