Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Satsar på lokal handel på Kårvatn Fjellutstyr

Jon Olav Ørsal Fredag 17. november 2023

Vi har alltid hatt mange kundar frå nærmiljøet, og no vil vi vise at vi verdsett dei lokale kundane og vi vil også vise at det skal lønne seg å ta turen til Kårvatn og kome innom butikken vår.  No er butikken rigga for julehandel og det kan faktisk lønne seg å ta ein tur.  Det meste av handelen frå Kårvatn Fjellustyr går som netthandel, og det er faktisk lokale kundar også som nyttar seg av det. 

Vi har litt spesialservice for lokale kundar med postnummer som begynner med 66 – altså nordmørsnummer. – Vi har hatt god respons på «handle lokalt»-kampanjen, og vil nok fortsette med den, seier Gudmund Kårvatn. – Han fortel at det er ikkje berre prisen som er viktig når ein kjem inn på utstyrshandel – da tel også service og rådgjeving mykje, og at varene er av god kvalitet.  – Her på Kårvatn Fjellustyr har vi alltid satsa på kjente merkevarer som er produsert i Europa, og på varer som har stor fokus på bærekraft – det løner seg i lengda.

Denne jakken held ute alle kuldegrader – Rune Gjeldnes bruka denne typen på sine ekspedisjonar og har vore med og utvikla den. Foto Jon Olav Ørsal

Gudmund og Olve som jobbar på butikken ventar faktisk på snøen no!  Vi sel da ski heile året, men det er liksom når snøen kjem at det tek av.  Vi merkar at det er aukande interesse for skiutstyr no, og vårt råd er at det lønner seg å vera tidleg ute. – Vi tykkjer at det ser ut til at prisauke og høg rente gjer at både fabrikkar og forhandlarar er forsiktig med å legge til lager.  Vi kan faktisk få oppleve at det blir knappheit i løpet av vinteren, seier Gudmund. 

Ta ein tur til butikken på låven – foto Jon Olav Ørsal

Kårvatn Fjellutstyr var forresten pioner på randoutstyr – spesielt på utstyr for folk flest.  Vi sel mykje utstyrspakkar, og er sterke på rettleiing og info til brukarane, og vi har konkurransedyktige prisar.  -Det er faktisk nyttig å ha 30 års erfaring i «faget», seier Gudmund.  Det kjem faktisk folk frå heile regionen for å kjøpe randoutstyr. Ein skihandel tek ofte litt tid, så det kan være lurt å ta kontakt og avtale tid.

Men no er det stor fokus på julegåver, som finns i alle prisklassar og variantar, og som sagt velkomen både i butikken på låven og i nettbutikken, seier Olve og Gudmund til slutt. 

Bildeglimt frå «Butikken på låven»  – alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. november 2023, 18:44