Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søndag – Historielaget klare for bokslepp

Jon Olav Ørsal Tysdag 7. november 2023

Søndag ettermiddag – nærare bestemt søndag 12. november kl 15 – er det klart for eit nytt bokslepp i regi av Todalen historielag.  Da inviterer Todalen historielag medlemar og andre interesserte til Todalen ungdomshus for å presentere årets årsskrift for sine lesarar.  Årsskriftet er nummer 22 i rekkja, og leiar i Todalen historielag John Moe seier at årsskriftet for 2023 er kanskje det beste dei har laga nokon gong.

Som vanle er det over 80 sider med variert og god lokalhistorie, der både nytt og gammelt har fått sin plass. Dordi Jorunn Halle har vore leiar for skriftsstyret, og med seg har ho hatt Wenche Kvendset, Sven Olav Svinvik, Sissel Halset Storslett og Anna Ingeborg Nordvik. I tillegg har det vore mange skribentar som har ytt eit bidrag for å gjera årsskriftet meir variert og leseverdig. 

Dordi Jorunn Halle har vore redaktør og leiar i skriftsstyret. Med seg i skriftsstyret har ho hatt Wenche Kvendset, Sven Olav Svinvik, Sissel Halset Storslett og Anna Ingeborg Nordvik. Arkivfoto Jon Olav Ørsal

Årsskriftet for 2023 famnar breitt når det gjeld stoffval, og vi kan neme artiklar om kunstnaren Dorthea Follestad, fabrikkeigar Erling Talgø, historia om buktaslekta, historisk vandring ovafor Falla for å nemne noko.  Namnetradisjonar er også tema i en artikkel, samt at det er skrive eit prtrett av sydama Ingeborg Gjeldnes frå Snøya – og mykje meir.

Søndag er du altså invitert til Ungdomshuset for å hente ditt eksemplar av årsskriftet.  Eit eksemplar er inkludert i medlemsskapet i Todalen historielag  for alle som har betalt kontingenten. Dersom du ikkje er medlem så har du høve til å bli det denne dagen, og dermed få ditt eksemplar – eller du kan rett og slett kjøpe eit eller fleire eksemplar.  Har du ikkje fått krav frå kasseraren så er det kanskje lurt å sjekke e-posten og kanskje søppelposten?

Mykje godt og variert stoff i årets årsskrift – mellom anna ein artikkel om buktaslekta som kom frå Dovre. Foto JOØ

 

 

John Moe, som er leiar i historielaget fortel at laget no jobbar for å oppgradere den gamle garderoben bak galleriet, og i disse dager blir Halsesamlinga flytta frå skulen og til Ungdomshuset. Om denne prosessen enno ikkje er ferdig, så reknar han med at det går an å vise fram korleis det blir.  Elles blir det som vanleg sal av kaffe og nystekte bakels – berre det gjer det verdt å ta turen til Ungdomshuset på søndag.  

Først publisert: 7. november 2023, 15:20 - Sist oppdatert: 13. november 2023, 09:02