Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Melby: Investerer 17 millionar i trappefabrikken

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. november 2023

Skal du henge med i svingane, så er det viktig å ha ein topp moderne fabrikk, seier Charlotte Fleten, som er dagleg leiar på Melby Snekkerverksted på Eide. Melby er som kjent ein del av Talgøkonsernet, men er lokalisert til Eide på Nordmøre der dei har drive trappeproduksjon sia 50-talet.

Charlotte Fleten er dagleg leiar i Melby – i byggeperioden held administrasjonen til i anleggsbrakker ute på tomta. Foto Jon Olav Ørsal

No er dei på tampen av ei investeringsfase, og kan skilte med ein topp moderne trappefabrikk som er viden kjent både i inn og utland for sine trapper. No er det nytt heilautomatisk platelager som snart er kome på plass. I tillegg er nytt administrasjonsbygg snart innflyttingsklart. Håpet er å kunne flytte inn og ta i bruk nyinvesteringane før jula ringes inn.
Til saman er det 17 mill. som investerast i denne omgangen, og da skal trappefabrikken være godt rusta til å møte framtida. I fabrikken er det no berre nye maskiner. Unntaket er faktisk eit par gamle høvelbenkar som har vore med heilt sia starten, seier gammelsjefen Bjørn Melby når han viser oss rundt i fabrikken.

Gammelsjefen Bjørn Melby framfor det nye administrasjonsbygget som er klart til innflytting til jul. Foto Jon Olav Ørsal

Det nye og automatiske platelageret skal effektivisere materialhandteringa og frigjere lagerplass til andre varer – samtidig som vi skal spare mykje tid på handteringa. Det nye administrasjonsbygget på ca. 400 m2 skal innehalde ny kantine, møterom, kontor og garderobar.

Melby snekkerverksted har i dag totalt 21 tilsette – 19 av arbeidsplassane er lokaliserte til Eide medan eit par er lokalisert til Oslo og Tyskland. Melby Snekkerverksted hadde ei omsetning på 35 mill. i 2022 – det meste av omsetninga skjer i Noreg. Talgø Invest er majoritetseigar i selskapet, i tillegg til Melby Invest.

Bildeglimt frå fabrikkhallen – ein moderne og godt utrusta fabrikk. Foto Jon Olav Ørsal

…men eit par høvelbenkar er det da kjekt å ha tilgjengeleg for litt småreparasjonar, tykkje Kåre Melby. Foto Jon Olav Ørsal

Du må kunne å lese av tommestokken for å få slike trapper til å passe. Denne trappa – i fleire etasjar – vart nyleg levert til ein kunde. Foto Melby

Publisert: 15. november 2023, 11:03