Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7102 artiklar i dette arkivet.


Kårvatn Skyrace 2023 – Erik Johannes Husom kom først i mål – oppdatert

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. august 2023

Kampen om seieren stod egentlig mellom Erik J. Husom og sveitsaren Pascal Egli heile løpet, medan heimefavoritten Erik Kårvatn heldt på tredjeplassen.  Egli var best i motbakkane, medan Husom var kjappast i unnabakkane – dermed vart det Husom som stakk av med sigeren i 29 km løpet.  Husom kom i mål på 3:05:24, og med ein margin på 1 minutt og 5 sekund på Egli til slutt, medan tredsjplassen gjekk til Erik Kårvatn på 3:34.16.  På 4.-plassen kom veteranen Ola Hovdenak knapt eit minutt etter Kårvatn.


Reparasjon av asfalt i småskala

Jon Olav Ørsal Fredag 18. august 2023

Det er sikkert mange som har hatt «kontakt» med den store grufsa i overgangen til Rossåbrua ved Todalshugen.  I løpet av dei siste dagane har det vorte eit stort hol der, med ein skrp kant i overgangen til brufundamentet.  Dette er nok hard kost for alle forstillinga, og Kjell Gunnar Polden tok kontakt med Veidekke som har vedlikeheldet på Todalsvegen.  Dei tok hansken og Ola Svinsås frå Veidekke kom på direkten for å fylle att holet med reparasjonsmasse.


Kårvatn Skyrace 2023 – rekordpåmelding til laurdag

Jon Olav Ørsal Fredag 18. august 2023

Med rundt hundre påmeldte ser det ut til å bli rekordarta deltaking i Kårvatn Skyrace som går av stabelen komande laurdag.  I skrivende stund er det 97 som er påmeldt, og det er skikkeleg rekord seier Gudmund Kårvatn til Todalen.no.  Vêrgudane er så absolutt samarbeidsvillige, og med eit par dagers sol og tørke no så blir det prima forhold i fjellet.  Det skal konkurrerast i 6 forskjellige klassar med konkurranse og trim, og hovedløpet som går over 29 km har fått over 40 deltakarar i år.  Dermed er det duka til kamp om medaljene på Kårvatn.



Laksefisket i Toåa – eit år på det jamne

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. august 2023

Tysdag 15. august var siste dag for laks- og aurefisket i Toåa i år.  Det vart eit år på det jamne, dersom vi ser dei 3 siste åra i samanheng. Det gjeld både talet på fanga laks, snittvekt og størrelse.  Historisk sett er det eigentleg 3 forholdsvis svake år, der både pandemien og prøveordninga med […]


Finale for fastnettet til telefonen

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. august 2023

Det er mange år sia dei siste elektroniske signala vart sent gjennom fastnettet til det ein gong var Televerket.  Framtida er trådløs, og i dag er det berre trådløse tenester som har overlevd.  No er det på tide å demontere alle kablar og pålar som har vore i teneste på hundrevis av år.  Denne veka starta Trondheimsfirmaet BN Entreprenør med demontering av kablar og telefonpåla. Det er Tor Edvin Vik og Stig Sandblåst som har fått denne jobben for BN Entreprenør. 


Høgre kjem på Todalsvisitt

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. august 2023

Valkampen er i full gang, og vi kan mesta dagleg lesa om politiske parti som i tur og orden har stand utafor butikkane rund om i kommunen.  Denne gomgen er det Høgre som kjem til Todalen for å ha stand utafor Matkroken i Todalen.  Det skjer torsdag 17. augus frå kl 16:00 og utover.


Kårvatn Skyrun 2023 – blir ein drømmedag i fjellet

Jon Olav Ørsal Måndag 14. august 2023

Dette blir ein drømmedag i fjellet, seier Gudmund Kårvatn, og viser til vêrvarselet på yr.no for komande helg.  Da blir nemleg Kårvatn Skyrun arrangert for 5. gong, og meteorologane lover både finvêr og skikkeleg sommartemperatur for komande laurdag.  I år er det fleire nye klassar, og Gudmund oppfordrar folk som har lyst på ein fin fjelltur til å melde seg på familieklassen som er 4 km.  Her går turen opp Dalalia og oppå brona – og nedatt igjen


Pirater i Bordholmskogen?

Jon Olav Ørsal Sundag 13. august 2023

Nei, det er ingen fare!  Sjølv om piratflagget heng oppe ved Holmatrøa i Bordholmskogen, så er det ingen fare på ferde.  Det er berre Siri Lund og sambuar Francesc Perez Baldo som har Holmatrøa som har vore her på Todalsferie.  Siri har aner frå Todalen – nærare bestemt frå Oddøya.


Surnadal Open med «Pop Up»-utstilling

Jon Olav Ørsal Sundag 13. august 2023

I samband med Surnadal Open som Surnadal kunstforening arrangerte vart det arrangert utstilling i 1. etg i Surnadal Billag på Surnadalsøra.  Her var det mange utstillarar som var med, og «kunstbussen» som mellom anna var innong Odd Ingar Skrøvsets atelier i Todalen avslutta runden på Surnadalsøra.


Fullklaff med Operakonsert i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. august 2023

Operaen i Kristiansund og Stangvikfestivalen har denne veka arrangert sommarakademi i Prestegarden i Stangvika. Som avslutning på sommarakademiet kom heile gjengen til Todalen og arrangerte operakonsert i Todalen ungdomshus – de skjedde laurdagskvelden og konserten trekte fullt hus.


Surnadal Open – heime hos Odd Ingard Skrøvset på Råssåkastet – oppdatert

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. august 2023

Surnadal Open er i full gang med fleire arrangement gjennom heile dagen.  «Kunstbussen» starta først til Stangvik, og fortsette til Todalen og besøk hos Odd Ingar Skrøvset som har fritidsbustad og atelier på Råssåkastet i Sissigrenda.  Her vart det faktisk fullt hus, men Odd Ingar tok oss med på ein interessant presentasjon av sitt liv og virke, og spesielt ei kjapp innføring i kva grafikk er for noko.