Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det er nokon som har det verre enn vi!

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. januar 2024

Handelsmann Nordvik sitt med Adresseavisa for 3. januar, og les om Joker Røyrvik som gikk konkurs ein av dei siste dagane før jul.  Handelslekkasje er ein av grunnane til konkursen, men i fjellbygda Røyrvik er også grensehandelen eit problem.  Røyrvik har i overkant av 400 innbyggarar, og hadde berre ein butikk, så når den gikk konkurs mista dei egentleg alt – butikken, medisinutsal og posten – i tillegg til eigedomsselskapet for butikklokalet.  Strakshjelpa frå Røyrvik kommune var å sette opp buss til Namsskogan, slik at folk skulle få handle til jul.

Matkroken Todalen har ein sunn økonomi i den daglege drifta.  Men mange av problemstillingane er dei same, med handelslekkasje og hard konkurranse frå lågprisbutikkane i sentrum, men grensehandel er ikkje noko problem her.  Merkurprogrammet er eit halvstatleg organ som skal være med og legge til rette for at utkantbutikkar skal ha ein sjanse til å overlev, men det er slett ikkje nokon garanti for grisgrendte bygder. 

Kjøpmannen i Røyrvik, Roger Hanssen, følte at han var ferdig med alt som heiter butikkdrift da han meldte oppbud før jul.  No har han fått tenkt seg om, og kanskje kan det være grunnlag for å prøve seg igjen.  Alternativet er ein døgnopen og sjølvbetjent butikk 24/7. I løpet av jula har Roger fått mange varme klemmar, og Facebook-sida til Joker Røyrvik har fått 1000-vis av medlemar.  

Levin Nestvold Jr, som har skrevet artikkelen i Adresseavisen har gjeve oss lov til å legge ut ein kopi av artikkelen i avisa. Den er det faktisk lurt å ta ein kikk på.  

 

Publisert: 4. januar 2024, 12:01