Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tradisjonsrik romjulsmarsj – den store utfartsdagen (oppdatert)

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. desember 2023

3. juledag er uten tvil den største utfartsdagen i Todalen.  Deltakartale varierer litt med vêret, men rekorden ligg nok rundt 180 deltakarar på runden rundt bygda.  Den går enten til fots, eller med spark eller sågar også på ski.  Er det blankis så er det best med piggsko eller broddar slik at ein klararer å halse seg på føttene.  I å var det tidvis ganske tett snødrev, men det var faktisk ingen som klaga verken på vêret eller føret. 

Trimgruppa var arrangør av dagens Romjulsmarsj – frå venstre SSissel Halset Storslett, Anita Talgø, Torill Talgø og Lars Kvendset. Foto Jon Olav Ørsal

Det er tradisjonelt Todalen ILs trimgruppe som står som arrangør, og dei hadde i år som alle år, diska opp med varm gløgg til alle som deltok. I år har dei verkeleg hatt spanderbuksa på, for alle som var med på romjulsmarsjen og tok runden rundt bygda fikk refleksselar. Alle som passerte Bruset og standen der, fortsette turen med refleksvest.  Dette er ei lita belønning for at bygdefolket har gjort salet av årets julekalender til ein stor suksess.  

Cristy og Arve med barna Axel og Ailo, saman med Marita N. bruset og Sindre K. Bruset. Foto Jon Olav Ørsal

Bygdefolket stillte opp med kortreiste og heimlaga gevinstar til Julekalenderen – 79 gevinstar totalt – og Trimgruppa solgte julekalendrar for heile 33.000 i aksjonen før jul.  Trimgruppa rettar ein stor takk til alle som bidro med gevinstar og loddkjøp og takk til Todalen.no som sørga for publisering på nettet.

I dag var det lynlotteri i samband med Romjulsmarsjen – med gevinstar frå Svinvik Gard, frå Hageland Surnadal og frå Talgø.
Tal frå årets Romjulsmarsj  Antal: ca 130 var innom stasjonen på Bruset.  Elles vart det selt lynlodd  556 lodd a kr 10,-  – tilsaman kr 5.560,- noko Trimgruppa er storfornøyd med. 

Lynlotteri med gevinstar frå Svinvik gard, Hageland Surnadal og frå Talgø viser Anita Talgø. Foto Jon Olav Ørsal

Trekningsliste frå Romjulslotteriet 

Vinnarar i lynlotteriet vart:
Jon Olav Ørsal: Ledlys
Åshild Halle: Serveringsfat
Jorunn Nordvik: Ledlys
Ragnhild og Torkjel: Kaffe, såpe og oppvaskkost
Turid Hals: Ledlys
Karin Kvendset: Bok av Halvor Bakke
Kristian Gjeldnes: Serveringsfat

Vi «fanga inn» ein del trimmarar på runden vår rundt bygda – sjå om det er folk du kjenner i bildegalleriet?     Alle foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 27. desember 2023, 16:07