Femte juledag inviterte Todalshytta til julequiz, med Sondre Halset og Mari Redalen som quizmastrar. Det var bra deltaking og det vart ganske fort ein hard kamp om poenga og jamnt i teten. I runde i quizen relatert til julen, medan dei tre neste omgangane vart kalla blandadrops med nøtter.
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2023/12/Vinnarlaget-med-premie_3501.jpg)
Lag 5 Pensjonistlaget-1 trekte det lengste strået og seira med 56 poeng. Premien var ein flott blomsterbolle og litteratur signert Hallvard Bakke. Frå venstre Jon Bruset, Gunda Bele, Ragnhild A. Moe, John Moe, Kristian Gjeldnes, Ingri Bruset og Knut Halset. Foto Jon Olav Ørsal
Mellom 30 og 40 deltakarar stilte til konkurranse og var delt i 6 grupper med litt forskjellig deltakartal i kvar gruppe men det vart satsa med friskt mot. Etter 4 runder me quiz var det ikkje meir enn 6 poeng mellom dei 4 første laga. Dermed var det lag 5 som var Pensjonistpartiet-1 som gikk seirande ut. Dermed var resultatlista sjåande slik ut:
- lag 5 Pensjonistpartiet 56 poeng
- lag 3 SuperSolo 52 poeng
- lag 1 Oss pilsner 51 poeng
- lag 2 Julenissens hjelpere 50 poeng
- lag 6 Sparkepiken (med hjelpar) 40 poeng
- lag 4 YoloMackHonning 40 poeng
Todalshytta stillte med ein liten julemeny, slik at den som ville ha ein liten matbit fikk høve til det – kjøkkenet diska opp med prima pizza og hamburgertallerken. Triveleg kveld på hytta, og det såg ut som folk kosa seg i kvarandres selskap.