Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Landvindsvêr: – Rokk og fokk og is

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. januar 2024

Dei siste dagane har det vore landvind med fokk og rokk – gradstokken viser i dag 5 kuldegrader, men vind gjer at det kjennes som 11 kuldegrader skriv yr.no i si vêrmelding.  Ein liten rundtur i dag tidleg viser oss at det faktisk er slik.  Og vind skal det bli i fleire dagar, så vi får berre være glad at ikkje all snøen er laussnø – da ville det bli skikkeleg snøfokk.   I meldinga til yr.no er det meldt vind i 5 m/sek og med 15 m/sek i kasta. 

Utsikt frå Hjellneskrysset – Det gryr av dag i Todalsfjella. Foto Jon Olav Ørsal

Som sagt melder yr.no om kald auståvind med 3-8 kuldegrader fram til og med laurdag.  Søndag er det derimot meldt mildare vêr, rundt null grader, og litt sludd eller snø.  Det er iallfall litt lurt å være forsiktig på glatta, for vinden har polert isen.  Sjølv om det er godt strødd så er det stadvis glatt – spesielt på gardsvegar der vinden får tak og det ikkje er organisert strøing.  

Vêrmeldinga for Todalen – saksa i onsdag morgon – lasta ned frå yr.no

Publisert: 3. januar 2024, 09:57