Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julegudstenesta fylte kyrkja

Jon Olav Ørsal Sundag 24. desember 2023

Bra at vi har veteranar som stiller opp på gudstenestene våre, sa Gudmund Husby , da han ønska velkomen til julegudsteneste i Todalen kyrkje.  Torbjørn Brøske var prest, Bernt Bøe var organist, Gudmund Husby var klokkar/tekstlesar og Marit Glærum kyrkjetenar – alle samme er pensjonistar og fortener litt applaus! 

Det var mange som hadde funne vegen til kyrkja og til julegudstenesta i dag. Foto Jon Olav Ørsal

Knapt hundre personar med smått og stort hadde funne vegen til kyrkja for å overvære julegudstenesta i Todalen kyrkje.  I dagens preken tok sjølvsagt presten utgangspunkt i juleevangeliet.  Den er påstått å være verdas vakraste forteljing, og det er nok med vemod å seie det når ein tenkje på kva som skjer i området der i disse dagar.  Det er og vemodig å tenkje på kor mange uskyldige som blir ramma av krigshandlinga både i Gaza og andre plassar.  

Det var Torbjørn Brøske som var litturg under julegudstenesta i Todalen. Foto Jon Olav Ørsal

Vi blir neppe bønnhørt om fred på jord, sjølv om vi reiste oss og song «Deilig er jorden» til slutt.   
Neste gudsteneste i Todalen kyrkje blir nyttårsaftan kl 16:00.
Todalen sokneråd ønskjer alle ei riktig god jul!

Gudmund Husby var tekstlesa/klokkar under julegudstenesta. Foto Jon Olav Ørsal

Bernt Idar Bøe trakterte orgelet under julegudstenesta. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 24. desember 2023, 17:42