Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

EM i Flaine/Chamonix: På tur ut i verda

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. januar 2024

EM I Randonee blir i år arrangert i Flaine/Chamonix i Frankrike i perioden  8. -12. januar. Trollheimen fjellsportklubb har i år med 3 deltakarar, og no er dei på tur, og her er dei knipsa da dei var på tur til innsjekkinga på Gardermoen i dag.  Flyturen går vidare til Genève sammen med resten av delegasjonen frå Noreg.  

Tevlingane startar måndag 8. januar, og går fram til neste helg.  Dei tre frå Trollheimen Fjellsportklubb er Erik Kårvatn som startar i klasse U23, medan Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping startar i klasse U18.   

Det blir ei spennande veke i Flaine/Chamonix – 4 tevlingar i løpet av veka. Frå venstre Isak Drøpping, Erik Kårvatn og Aron Rodal Haugen. Foto Halvor Drøpping TFK

Programmet for komande veke ser du nedafor –  vi kjem med meir informasjon etter kvart…

  • Måndag 08.01.2024 – 09:00 – 14:30: Individuell 
  • Onsdag  10.01.2024 – 13:30 –  17:00: Sprint 
  • Torsdag 11.01.2024 –  09.00 – 12:30: Vertikal 
  • Laurdag 12.01.2024 –  15:30 – 19:30: Mix-Stafett 

Vi på Todalen.no kjem med meir info etter kvart.  

Publisert: 6. januar 2024, 15:57