Det er jammen snart jul igjen!
Sjølv om det er to og ein halv månad til vi skal feire julekveld, så er det iallfall tid for å førebu TIL Trim sin adventkalende. For fjorårets adventkalender med trekning av kortreiste gevinstar var ein ubetinga suksess. Den slo så godt an at trimgruppa har bestemt at dei skal kjøre same opplegg i år, fortel Sissel Halset Storslett som er leiar i Trimgruppa.