Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny buss på Todalsruta

Jon Olav Ørsal Onsdag 14. februar 2024

I dag kunne bussjåføren Odd Magne Heggem Grytskog, som kjøreer skulebussen i Todalen, presentere den nye bussen som skal gå på Todalsruta i tida som kjem.  Heilt ny er nok ikkje bussen, men han er 5 år nyare enn gammelbussen som no hamnar i utlandet – kanskje i Afrika.  «Nybussen» har tenestegjort som expressbuss mellom Molde og Trondheim sia 2016, da den var heilt ny. 

No skal den altså gjera si teneste som skulebuss til Todalen i åra som kjem.  Men ruta til Todalen er ikkje berre skulebuss, den er utører ein viktig funkjon som brødfraktar.  Gomanbakeriet som lever brød til Todalen kjører ikkje lenger enn til Todalskrysset i Lykkjebygda.  – Her er det Todalsbussen som hentar brødkassane og fraktar dei innover til Matkroken Todalen.

Odd Magne Heggem Grytskog er sjåfør på Todalsruta. Foto Jon Olav Ørsal

 

Så om det ikkje er heilt ny buss på Todalsruta, så er den iallfall nyare  – men sjåføren er den same blide karen, Odd Magne Heggem Grytskog.  

Publisert: 14. februar 2024, 08:41