Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kårvatn Skimo – heimesiger i sprinten

Jon Olav Ørsal Fredag 9. februar 2024

Det var kanskje ikkje så uventa at dei tre løparane som er på randonée-landslaget hamna på sigerspallen, men spenning var det likevel under kveldens sprint i Sæterlia, der første øving i Kårvatn Skimo vart avvikla. 16 deltakarar gjorde at det vart eit forholdsvis oversiktleg arrangement.

landslagstroppa til arrangørklubben Trollheimen fjellsportklubb – frå venstre Erik Kårvatn, Isak Drøpping og Aron Rodal Haugen. Foto Jon Olav Ørsal

I prologen var det Aron Rodal Haugen som fekk beste tid, med Isak Drøpping på andreplass og Erik Kårvatn på tredjeplass.  I semifinalen vann Aron og Erik kvart sitt heat, men i finalen var det Erik som trekte det lengste strået samla for alle klasser, med Isak på andreplass og Bjørn Herfindal på tredje.

Finaleresultatet for U18 gjekk i Isak Drøppings favør, med Aron Rodal Haugen på andreplass og Emil Aslaksen Røed på 3.  I dameklassen vart det seier til Ingrid Klokset som var åleine i klassen.  I damer U20 vart det seier for Ida Waldal, medan Malin Indergård kom på andre.

Mennenes finaleheat klare til avgang – frå ventre Bjørn Herfindal, Aron Rodal Haugen, Erik Kårvatn, Isak Drøpping og Emil Aslaksen Røed. Foto Jon Olav Ørsal

Finale senior – damer gjekk i Heidi Indergårds favør, med Carla Brandt på andre.  I herreklassen senior vart det altså Erik Kårvatn som gjekk til topps, med Bjørn Herfindal og Ove Erik Tronvoll på dei neste plassane.

Publisert: 9. februar 2024, 22:20