No blir det trøkk på ferdigmåla kledning
På Talgø sitt fabrikkanlegg i Todalen har dei ei stor og velutstyrt overflateavdeling frå tida med møbelproduksjon. Nye tider krev nye løysingar, så no er overflateavdelinga bygd om til å handtere ferdigmåla furu- og grankledning. Deler av det gamle anlegget, slik som tørkeanlegget frå «møbeltida» er bruka oppatt i det nyutrusta overflateanlegget. No kan det køyrast 2 strøk på eit gjennomløp, og panelet kjem ut igjen i andre enden av anlegget – ferdig tørka og klar for stabling.