Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fasteaksjonen – berre TV-aksjonen som er større i Noreg

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. februar 2024

Nest etter den årlege TV-aksjonen er fasteinnsamlinga for Kirkens Nødhjelp landets største. Sokna i Surnadal og Rindal førebur no stor innsats tysdag 19. mars.  Konfirmantar og foreldre er hovudaktørar i dør-til-dør-aksjonen der over tusen av landets menigheter deltek.  Kirkens Nødhjelp er gjennom sitt nettverk ein maksimalt effektiv organisasjon.
Etter verksemd i over 50 år kan KN vise til store resultat – både ved akutte katastrofer og i langsiktig arbeid for å skaffe vatn og livsvilkår i område med svolt og nød. Hjelpa er ikkje «øremerka», men går alltid dit det trengst mest. Likevel er «Håp i ein drope vatn» eit aktuelt motto også i år, skriv KN-kontakt bernt Bøe i ei pressemelding. 

Aksjonsleiar Gro Hauge Venås viste konkrete resultat av arbeidet – m.a. eit resultat på 130.559 kr innsamla i Surnadal i fjor. Foto Bernt Bøe

Over 130.000 i fjor
– I fjor samla Surnadal inn over 130.000 kroner, fortel diakon og koordinator Gro Hauge Venås.
– Omrekna etter KN sin statistikk betyr det f eks varig vassforsyning til 550 tørkeramma personar.

På onsdagens førebuingsmøte deltok KN-kontaktar frå Rindal, Mo, Øye-Ranes, Todalen, Stangvik og Åsskard. Dei fekk orientering om organisasjon sitt arbeid og idear til sokna si innsamling. Bøsser, plakatar og anna materiell vart utdelt.

Det hjelper med vatn i ørkenen. Ill.foto Kirkens Nødhjelp

 

 Ørken blir hage  
Gro Hauge Venås viste også videoar der mottakarar av KN-midlar fortalte om epokegjerande resultatet av fasteaksjonen. Ein 15-åring i Tanzania som før måtte gå 4 timar dagleg etter vatn, synte med fryd korleis det er å opne ein vasskrane heime. Ei jente i Libanon viste deira frodige frukthage der det for 4-5 år sia var tørr og livlaus ørken.

 Treng også frivillige
Konfirmantane er bøsseberarar – ei viktig tenesteoppgåve dette året. Heimane skaffar skyss. Kyrkjesokna er inndelt i praktiske «roder» der jobben er jamnt fordelt. Men mange plassar er det så få konfirmantar at sokneråda no oppfordrar frivillige vaksne om å hjelpe til. 

Bøssene er klare til aksjon – sjølve aksjonsdagen er tysdag 19 mars. Foto Bernt Bøe

 – Har venta!
Fredag 15. mars arrangerer kyrkja informasjonsmøte på Surnadal vidaregåande skule – med filmsnuttar og ein skikkeleg «pep-talk». Sjølve dør-til-dør-aksjonen skjer altså tysdagen etter, 19. mars, frå klokka 17 og utover. Folk kan gi kontantar i bøssene, nytte vipps (2426) eller eventuelt annan betalingsmåte.
 Håpet er også denne gong at innsamlarane blir møtt på den positive måten dei ofte opplever: – Så bra at de kjem. Vi har venta på dykk!

Først publisert: 20. februar 2024, 06:00 - Sist oppdatert: 19. februar 2024, 19:15