Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No blir det trøkk på ferdigmåla kledning

Jon Olav Ørsal Torsdag 29. februar 2024

På Talgø sitt fabrikkanlegg i Todalen har dei ei stor og velutstyrt overflateavdeling frå tida med møbelproduksjon.  Nye tider krev nye løysingar, så no er overflateavdelinga bygd om til å handtere ferdigmåla furu- og grankledning. Deler av det gamle anlegget, slik som tørkeanlegget frå «møbeltida» er bruka oppatt i det nyutrusta overflateanlegget. No kan det køyrast 2 strøk på eit gjennomløp, og panelet kjem ut igjen i andre enden av anlegget – ferdig tørka og klar for stabling.  

Gjennomløp – her går det unna. Foto Jon Olav Ørsal

På dette anlegget kan eigentleg farge velje fritt, men det forutsett nok litt volum på ordren med tanke på produksjonskostnaden og omstilling av maskiner.  Men dette blir nok midt i blinken med tanke på levering til burettslag og andre større prosjekt.  Hos Talgø er det enno folk med god kompetanse på overflatebehandling, så når anlegget er ferdig innkøyrt så er det berre å trø på med produksjon.  Sia det har vore ein del etterspørsel etter ferdigmåla kledning så reknar Talgø med at dette blir ein slager alt i sommar.  I første omgang vil det bli køyrt eit skift, men her er det nok kapasitet til å auke på etter kvart som det blir behov.  

I dag er dei 4 på avdelinga – frå venstre Torkjel Moe, Roar Bævre, Arne Gujord og Oddbjørn Mikkelsen

I dag er dei 4 som jobbar på overflateavdelinga, men her blir det leiarskifte alt om ein månads tid – Arne Gujord trer inn i pensjonistanes rekkjer alt til påske, men her er etterfølgjaren alt klar.  Det blir Roar Bævre, som er nytilsett.  Han kjem frå Kvande & Nordvik, der han har jobba på overflateavdelinga, men har tidlegare jobba på Talgø Surnadal rundt århundreskiftet.  – I tillegg er Oddbjørn Mikkelsen og Torkjell Moe veteranar på avdelinga og gler seg på å kome igang for fullt igjen.  

Det ferdig produktet – her pakkar Arne Gujord ein pakke med nymåla kledning frå overflateavdelinga. Foto Jon Olav Ørsal

Arne Gujord starta sin karriere på Talgø Surnadal – det skjedde i 1990-talet, og sia har han fått prøva seg både på Talgø MøreTre og Talgø Møbelfabrikk, mellom anna som arbeidsleiar både på monteringsavdelinga og no på overflateavdeling.  På spørsmål om kva han skal finne på no når han blir pensjonist, så trur han ikkje det skal bli noko problem.  – Eg har mange hobbyar som eg føler at det har vore forlite tid til. Kan berre nemne jakt-, fiske- og friluftsliv som er den store lidenskapen min.  Elles har eg lova å stille opp her som ein slags reserve den første tida – no gler eg meg iallfall til det blir vår, sluttar Arne Gujord.  

Roar Bævre kan følge produksjonen digitalt – foto Jon Olav Ørsal

Torkjel Moe er veteran på overflateavdelinga – her overvåkar Torkjel innmatisnga i anlegget. Foto Jon Olav Ørsal

Her kjem ferdigvaren ut av tørka – og blir stabla. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 29. februar 2024, 14:15