Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stortåillå fekk skyss fram til bilveg – det skjedde med gravemaskin

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. februar 2024

I dag var det aksjon med fraktisng av stortåillå fram til bilveg.  Det var Per Gjeldnes Maskin som hadde fått oppdragen med å frakte den 7 m3 furua frå vosterplassen i øyalia og ned til skogsbilvegen ovafor ungdomshuset.  Gjeldnes Maskin stillte med 22-tonns gravemaskin til transporten, og tysdag morgon var prosjektet i gang.

Gravemaskina handterte lett det store treet, og fikk losa stortåillå fram til skogsbilvegen. Foto John Moe

Egentleg gjekk det lettare enn kanskje enkelte trudde, for når rotstokken var kappa, så var det berre å «knyte på» stortåillå og kjøre i veg.  Ståle som er eigarmann av stortåillå hadde dei vitale måla på ho, og har funne ut at alderen er mellom 200-250 år, og 22 meter lang – med midtmål på ca 65 cm skulle det bli ca 7 kubikk og ei vekt på rundt 5000 kg.  

Her vil ein prøve å telje årringane – resultatet bli kanskje mellom 200 og 250? Foto Jon Olav Ørsal

Når dei kappa laus stokken frå rota så vart det oppdaga at stortåilla var råteskadd i rota.  Det vart kappa frå 2-3 bitar på rundt 30 cm, men råteskaden går iallfall minst ein meter oppover rotstokken – konskje er det råte eit par meter til?  Det vil vel bli sjekka etter kvart.  Råteskaden i rota er nok årsak til at denne kjempa gjekk overende i stormen, trur Per Gjeldnes.

Stor interesse for stortåillå som no er komen fram til skogsbilvegen. Frå venstre Arne Gjeldnes, Magnar Gjeldnes, Ragnhild A. Moe, Per Gjeldnes, Ingri Bruset, John Moe, Ståle Ansnes og Kristian Gjeldnes. Foto Jon Olav Ørsal

Den andre stortåilla som står like ved ser ut til å være uskadd, og Ståle har bestemt at den skal få stå i fred og kanskje veksa seg enda større etter kvart.   

Ragnhild A. Moe har laga ein videosnutt frå transporten fram til skogsbilvegen 

Per Gjeldnes har spesialsag for slike tre – den er utstyrt med eit ekstra langt sverd. Foto Jon Olav Ørsal

Typisk Åsprong-al ta der!

– Det er kommentaren til Nils Olav Talgø på Meisingset (ex. todaling).  Han siktar til det vi kallar for rotråte som er omtala i artikkelen, og fortel at det er eit nordmørsk bransjebegrep som har vore bruka på Nordmøre.  Det kan ha si årsak som kjem frå rota og går eit godt stykke oppover inni stokken – eller så er det ein knøsk som sitt eit stykke oppå stokken som er årsaka.  Da får du «Åsprongal» eit stykke oppover og eit stykke nedover stokken frå knøsken.  -Da veit vi det, og så konkluderer vi med at fagfolk er fagfolk, også i trelastbransjen 🙂

Først publisert: 27. februar 2024, 11:00 - Sist oppdatert: 28. februar 2024, 09:47