Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7056 artiklar i dette arkivet.


Vegen i Falla er fortsatt stengt

Vegen i Falla er fortsatt stengt

Jon Olav Ørsal Fredag 30. mars 2012

Dalavegen er stengt i Falla i Brusetmarka, der det er gått eit ras torsdag kveld. Gammelvegen, som er privat veg, er også vurdert som rasfarleg område, og vegen der er også stengt for trafikk. Surnadal kommune skal i dag vurdere kva som skal gjerast for å sikre atkomsten til Kårvatn og til oppsittarane ovafor Falla. Vegstenginga skaper problem for Kårvatn Fjellutstyr og deira verksemd som i dag har 3-4 arbeidsplassar på «butikken på låven».

Les heile saka

Falla er stengt på grunn av ras!

Falla er stengt på grunn av ras!

Jon Olav Ørsal Torsdag 29. mars 2012

Vi har fått melding om at vegen opp Falla er stengt på grunn av ras. Vegen har enno ikkje rasa ut, men det er gått ras på nersida av vegen, og utover ekra ved Falløya. Det er no folk på veg frå Surnadal kommune for å avklare situasjonen og sikre området. Det har vært mykje […]


Påskepub på Pakkhuset

Påskepub på Pakkhuset

Jon Olav Ørsal Torsdag 29. mars 2012

Det blir to pubkveldar på Pakkhuset Kro på Todalsøra denne påska, fortel Synnøve Helland på telefon til Todalen.no.  Dei opnar første kvelden laurdag 31. mars, og så blir det ope onsdag 4. april. Begge kveldane frå kl 21.00 og utover.  Synnøve ønskjer både bygdefolk og tilreisande velkomne på pubkveldane.  Ho fortel vidare at det brukar å bli […]


Lørdag: Dugnad i båthavna

Lørdag: Dugnad i båthavna

Jon Olav Ørsal Torsdag 29. mars 2012

Todalen Båtforening vil minne om at det er dugnad i båthavna førstkommende lørdag kl 11:00. Da skal vi fjerne sporene etter Dagmar og klargjøre for vårens båtaktiviteter. Ta med familie og venner, hansker, trillebår og rive. Det er mengder av tang og rekved som må samles i hauger for å kjøres bort senere, melder styret […]


Eldremiddagen: Potetball på «Vestrumvis»

Eldremiddagen: Potetball på «Vestrumvis»

Reidar Østvik Torsdag 29. mars 2012

Onsdag var det ny møtedag igjen hos Eldremiddagen, og vi kan vel bortimot garantere at ingen av de til sammen 22 gjestene gikk sultne fra bordet! Denne dagen var det potetball på «Vestrum Vis», med ball fylt med kjøttbiter, servert sammen kålrabi, poteter og stekt flesk, og, for ikke å glemme, med ekte sirup til, så mye en bare ville! Vi kunne tydelig registrere en trøndersk inspirasjon, som i alle fall fikk mitt godmat-hjerte til å banke vel og gjenkjennende. Dagens kokker, som nå er å betrakte som ekte todalinger som noen andre, har i sin tid hatt med seg ekte mattradisjoner fra Tondheim og Gjøvik inn i bygda, og det gir gode blandinger.

Les heile saka

Nedbør og snøsmelting skapte flaum

Nedbør og snøsmelting skapte flaum

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. mars 2012

Det siste døgnet har det vore stor vassføring i Toåa. Mykje regn og rundt 10 varmegrader skapte tendes til flaum i morgontimane og utover føremiddagen. Vidare utover dagen var det stort sett opphaldsver, og vassføringa gikk noko attende utover ettermiddagen og kvelden. Til onsdag melder yr.no om tildels store nedbørsmengder i Møre og Romsdal, men melder samtidig lågare temperatur. Men ein kan nok rekne med at det blir stor vassføring også onsdag utpå dagen og utover kvelden.

Les heile saka

Innsamlingsaksjonen – kjempebra resultat!

Innsamlingsaksjonen – kjempebra resultat!

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. mars 2012

På eit par kveldstimar samla dei fire konfirmantane inn heile 9.389 kroner til Kirkens nødhjelp. Dei kunne rapportere stor givarvilje og vart tekne godt i mot når dei kom på døra rundt bygda. Etter at innsamlingsaksjonen var ferdig var det oppteljing i kyrkja, og traktering til både sjåførar og pengesamlarar. På menyen stor kaffe eller kakao og nystekte bollar til heile gjengen. Flott innsats!

Les heile saka

I kveld får alle besøk!

I kveld får alle besøk!

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. mars 2012

Da kjem nemleg årets konfirmantar heim til alle i Todalen, frå Svinvika til Kårvatn med innsamlingsbøssene sine. Dei deltek nemleg i den årlege, landsomfattande fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp. Saman med foreldre og medlemane i soknerådet som sjåførar vil dei altså tråle heile bygda, og da gjelder det å «gje så det svir». Ved å gje […]


Stangvikfestival’n med «PåskeOperaPub»

Stangvikfestival’n med «PåskeOperaPub»

Jon Olav Ørsal Måndag 26. mars 2012

Stangvikfestivalen’12 tjuvstartar årets festivalsesong med påskeunderhaldning førstkomande laurdag 31. mars i Bondehuset. Da har dei både kultur, mat og drikke å by på. Den musikalske delen er det Hedda Hansen Berg (piano), Beate Mordal (song) og Sverre Johan Aal (song) som byr på. Elles reklamerer dei med at det i «Bar’n i løypa» finnes både […]


Årsmøte med navneendring: Todalen Båtforening

Årsmøte med navneendring: Todalen Båtforening

Lars Stensby Sundag 25. mars 2012

Todalen Småbåtforening er nå historie. På årsmøtet Fredag 24. mars ble det vedtatt å endre navn til Todalen Båtforening. Navneendringen vil kanskje ikke bety så mye i det daglige, men er kanskje mer et lite tegn på en revitalisering. Samtidig som navnet ble endret ble også ny logo, tegnet av Line Kvendset, approbert for bruk. Vedtektene ble revidert og noen små endringer ble vedtatt. Båtforeningen har nå et nyrevidert sett med vedtekter som gir oss et godt grunnlag for å drive et andelslag på en ryddig og demokratisk måte. Årsmøtet ble gjennomført på en inkluderende og grundig måte, der alle fikk anledning til å si sin mening, før tydlige vedtak ble gjort ved avstemning.

Les heile saka

Per har bildilla!

Per har bildilla!

Jon Olav Ørsal Sundag 25. mars 2012

Per Ørsal er bilentusiast på sin hals, og han tilstår at han har hatt bildilla heilt sidan gutedagane heime på Sagtrøa. Det skuldast nok gammalonkel Thorvald som var «norskamerikanar», og som hadde med seg flotte dollarglis når han kom heim på todalsbesøk på 60- og 70-talet. Det var bilar som var registrert i Chicago, der han dreiv eigen bilverkstad. Per var nok ein lydhør gutunge da gammalonkelen viste bilde og fortalte om bilane og verksemda si «over there», og han sådde nok ein solid spire for bilinteressa den gongen. Før han starta eigen bilverkstad var gammalonkelen testkjørar for Yellow Cab, dei gule amerikanske drosjane.

Les heile saka

Kort natt – sommartid

Kort natt – sommartid

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. mars 2012

Komande natt, mellom laurdag og søndag blir ein time kortare enn vanleg. Frå søndag 25. mars vert det nemleg sommartid, og klokka skal dermed stillast fram ein time, frå kl 02.00 til 03.00. Dersom du er i tvil om klokka skal stillast fram eller att i høve sommartida, så er det ein god regel at […]