Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tok storlaksen

Tok storlaksen

Jon Olav Ørsal Fredag 6. juli 2012

Dei siste dagane har det vore bra fiske i Toåa, og det har nok samanheng med at det er betre temperatur i elva i det fine sommarvêret. Årets største så langt i år vart teken i Båthølen i dag, og var ein fin villaks på rundt 9,5 kg. Det var Sven Sandodden frå Longyearbyen som var den heldige og fikk den på flua. Elles er det teke på land fleire på Ramsøyvaldet dei siste par dagane.

Sven Sandodden er nok godt kjent i Toåa, for han har vore mykje i Todalen som barnebarn etter Josva og Kristine Bruset på Hjellen.  Foreldra er altså Liv (Bruset) og Sveinung Sandodden som også er ivrig laksefiskar.

Sven Sandodden bor som sagt i Longyearbyen på Svalbard, og har no teke ein 3-dagers tur til Todalen for å fiske laks i Toåa. Da er det nok ein fin bonus å få med seg ein laks på 9,5 kg tilbake til Svalbard. Sven har teke mange laksar i Toåa, og da han var her i 2007 vart det ein på 10,3 kg. Kanskje blir det fleire laksar før Sven set nasen nordover til Longyearbyen igjen?

Først publisert: 6. juli 2012, 22:56 - Sist oppdatert: 8. juli 2012, 13:02