Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Trollheimsmarsjen – søndag 26. august

Trollheimsmarsjen – søndag 26. august

Jon Olav Ørsal Fredag 6. juli 2012

26. august er det klart for ny Trollheimsmarsj. Arrangøren prøvar på nytt i år, etter at fjorårets arrangement vart avlyst på grunn av vêrtilhøva. Den populære turmarsjen går frå Todalen og over til Ålvundeidet, og er eit samarbeidsprosjekt mellom dei to idrettslaga Todalen og Ulvungen. Dette samarbeidet starta i 2008 da begge laga fylte 100 år, og var da ein av dei mange jubileumsaktivitetane hos dei to «jamnaldringane».

Det er i år 4. gongen at Trollheimsmarsjen arrangerast. Det har vore jamnt bra deltaking, med rekord i jubileumsåret med heile 210 deltakarar som tok den 13 km lange turen over fjellet. Det er ein fin dagstur som egnar seg både for born og voksne, med start frå Bordholmen stadion i Todalen. Turen går opp Ørsallia og over Vardan (850 m.o.h) og vidare til Leikvoll stadion på Ålvundeid. Her kan du velje om du vil gå rundt Kjerringhalsen, eller rett fram og ned Tverrlia til heistraseen og ned Børsetlia. I vanleg turtempo tek turen rundt 5 timar, pluss eventuelle pausar du tek på turen. Og pausar kan du ta, for du har heile dagen til disposisjon.

På turen over fjellet er det lagt opp til naturstikonkurranse, der du kan teste lokalkunnskapen din frå dei to kommunane, og her kan du vinna fine premiar. Premiering er det også for deltaking i marsjen, der premiane blir trekt ut på startnumra, fortel Kari Kvendset og Dag Nikolai Gjersvoll som er ledarar i dei to arrangørlaga. Dei oppfordrar til å sette av 26. august til ein fin fottur over fjellet frå Todalen til Ålvundeid.

Først publisert: 6. juli 2012, 05:00 - Sist oppdatert: 5. juli 2012, 21:55