Todalsdagen 2012 er i hamn, og da dommar Ola Magne Nordvik kunne blåse av finalekampen mellom Surnadal og Astor var fotballkamp nr 46 slutt og dei sportslege aktivitetane under Todalsdagen 2012 var avslutta. I lillegutfinalen trekte Surnadal G10 det lengste strået og vann 3-0 over Astor frå Trondheim, etter ein fartsfylt og artig kamp. Stor innsats frå alle dei 28 laga gjorde Todalsdagen til ei fotballfest, som vi håper alle deltakarane har mange gode minner frå. Ros også til publikum som var engasjert og som applauderte innsatsen på banen og gjorde stas på alle dei små aktørane som var i aksjon, seier en storfornøgd cupgeneral Knut Bergli.
Imponerande var også deltakinga på det nye mosjonsløpet «Ræta opp», som samla heile 106 deltakarar. Startkontingenten frå løpet kom på rundt ni tusen, og går uavkorta til kreftsaka i Møre og Romsdal. Pengane og vil vere med og finansiere ein ferietur for born frå Møre og Romsdal til Dyreparken i Kristiansand neste år, slik at dei kan få eit avbrekk frå behandling og sjukehusopphald, fortalte Inger Lise Hauge frå innsamlingsaksjonen. Ingvild Kårvatn som er initiativtakar til «Ræta Opp» deltok sjølv i løpet, og var imponert over at så mange vart med. Ho håpar at enda fleire kan bli med neste år. Løpet gikk på idealtid, og det var gåvepremiar til dei tre i kvar klasse som kom nærast idealtida. Det var også høve til å prøve seg på løyperekorden, og her var det Halvor Drøpping som kom best ut med tida 12,29 såvidt framfor Snorre Larsen som fekk tida 12,30. Her finn du resultatlista som PDF.
Utanom dei sportslege aktivitetane var det stor loppemarknad. Den var flytta til redskapshuset etter at storteltet vart øydelagt av landsvindsrosser fredag kveld. Sjefsloppa Borghild Talgø fortel at dei aldri har hatt så mange fine lopper, og dei fekk inn heile 26.000 kroner til idrettslaget. Det er omtrent ei dobling frå i fjor, og ho rettar ein stor takk til alle som har bidrege med lopper og til alle som har vore iherdige kjøparar.
Sjefsgrillar Jon Olav Roaldset og hans mannskap på grillen og i kiosken har også hatt hendene fulle i heile dag. Velsmakande grilltallerkenar og nystekte bakels med graut har gått unna, i tillegg til at store mengder is og brus har funne vegen ned i mange små magar gjennom ein lang dag på Bordholmen.
Trekninga i lotteriet avsløte kven som var dei heldig vinnarane denne gongen. Jan og Stian Bruset vann hagemøbelsettet frå Talgø OutLiving. Dei to radiobilane vart vunne av Nils Øyen og Todalshaugen, medan Brit Hansen vart uttrekt som vinnar av englandsdrakta.
Ledar i Todalen Idrettslag Kari Kvendset seier til Todalen.no at det har vore ein fantastisk fin dag. Alt har «vært med oss», og da blir det slik at ein gløymer alt arbeidet med å få alle ting på plass. Spesielt tykkjer ho at det var arti at «Ræta Opp» fikk slik respons. Godt økonomisk resultat blir det også, utan at ho har nokon oversikt enno. Til slutt vil ho rette ein takk til alle som delteke på Todalsdagen, både med dugnadsarbeid og som deltakarar i dei sportlege aktivitetane.
Nedafor finn du eit assortert utvalg av bilder frå Todalsdagen 2012. Seinare kjem også lagbilder. Alle foto:Driva/Jon Olav Ørsal