Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Har du koppane?

Har du koppane?

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. juli 2012

På loppemarknaden under Todalsdagen var det ein kjøpar som sikra seg 12 asjettar og 12 tefat med denne dekoren. No er ho på utkik etter koppane, for dei var ikkje å oppdrive i lag med fat og asjettar, fortel Borghild Talgø som styrte med loppemarkanden. Dersom du har koppane og kan tenkje deg å selje dem, så har altså Borghild kjøpar!

Asjettane er merka med «Bavaria», og det er sikkert koppane også. Ta kontakt med Borghild Talgø dersom du har ei løysing på dette!

Publisert: 3. juli 2012, 23:12