Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 6665 artiklar i dette arkivet.


Startar lagseriestemna onsdag

Startar lagseriestemna onsdag

Jon Olav Ørsal Måndag 16. mai 2011

Onsdag er første kveld med lagseriestemne i år. Det skjer på Bordholmen, og pågår i tidsrommet 18.00 – 19.00. Ingen aldersgrense for å delta. Det blir ein eigen kveld med idrettsmerkeprøvar – onsdag 15. juni, men prøvar kan sjølvsagt takast på dei ordinære lagseriestemna i tillegg. Det blir lagseriestemne følgjande onsdagar før ferien: 18.5., 1.6., […]


Nasjonaldagen – start med biltog og frukost i Ungdomshuset

Nasjonaldagen – start med biltog og frukost i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Sundag 15. mai 2011

Feiringa av nasjonaldagen 17. mai startar med biltog frå ICA Todalen kl 9.30. Køyreruta er som vanleg oppover bygda til Gammelfabrikken, før ein fortsett nedover bygda igjan til Bordholmen. På Bordholmen serveres det frokost til alle. (Ungdomshuset dersom det er dårleg vêr). Sjå heile programmet her. SISTE: Frokosten blir i Ungdomshuset på grunn av værsituasjonen!

Les heile saka

Fin konfirmasjonsgudsteneste

Fin konfirmasjonsgudsteneste

Jon Olav Ørsal Sundag 15. mai 2011

Det var nærare 120 tilhøyrarar tilstades i Todalen kyrkje da Inga Husby, Kristine Svinvik og Brage Hauglann Talgø vart konfirmert søndag 15. mai. Sokneprest Bernt Venås heldt ei fin preike til konfirmantane, med framtid og von som hovudtema. Han sa mellom anna at det er mykje å gle seg til når ein blir vaksen, men at det er viktig at ein styrer livet sjølv.

Les heile saka

Regnfull sesongopning i Svinviks Arboret

Regnfull sesongopning i Svinviks Arboret

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. mai 2011

Laurdag opna Svinviks Arboret portane for publikum, og hadde premiere på ny sesong i den botaniske hagen som i utgangspunktet var livsverket til Hallvard og Ane Svinvik. Regnet hølja ned da portane opna, men utover dagen vart det både god temperatur og såpass opplett at eit femtitalls publikummarar tok turen for å sjå hagen eller ret og slett for å kjøpe seg ein kaffekopp og ein godbit attåt.

Les heile saka

Bygdebokarbeidet er i gang

Bygdebokarbeidet er i gang

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. mai 2011

Arbeidet med å samle inn ny informasjon til den komande bygdeboka for Todalen er no i gang! Grendekontaktane har starta innsamlingsarbeidet sitt, og dei første ferdig utfylte spørjeskjema er alt innlevert på bygdebokkontoret. Dersom det ikkje allereie er gjort, er det derfor no all grunn til å leite fram konvolutten med spørjeskjema og starte utfyllinga. […]


Balldag i Sanitetshuset

Balldag i Sanitetshuset

Jon Olav Ørsal Fredag 13. mai 2011

18. mai er det storfint besøk i Sanitetshuset. Da kjem ordførar Mons Otnes for å få servert sildball, saman med Eldremiddagen, fortel Martinus Torvik. Balldagen er eit høgdepunkt i Eldremiddagen, og da brukar det å vera bra deltaking. Og det er vel ikkje så rart, for det er nok furkunn-mat for mange!


Bøfjordhelga 3.-5. juni

Bøfjordhelga 3.-5. juni

Jon Olav Ørsal Fredag 13. mai 2011

Bøfjordhelga 2011 går av stabelen 3-5.juni med et allsidig program. Du kan oppleve trylleshow med Brian Hoseth kjent fra Norske talenter på TV2 i 2009 og som nylig ble norgesmester i barnetrylling, dans på lokalet med “Mother & Daughters” fra Trøndelag, rokonkurranse mellom kirkebåter, Åsskardkoret, Bøfjorden dansegruppe, åpent sjøbruksmusem med “dagens tema”, grendacup i volleyball, […]


Konfirmasjonsgudsteneste

Konfirmasjonsgudsteneste

Jon Olav Ørsal Fredag 13. mai 2011

Søndag 15. mai er det konfirmasjonsgudsteneste med sokneprest Bernt Venås Todalen kyrkje. Gudstenesta startar kl  11:00, og det er takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Det er i år 3 konfirmantar i Todalen sokn. De tre er Inga Husby, Brage Hauglann Talgø og Kristine Svinvik. Vi ønsker konfirmantane tillukke med konfirmasjonsdagen!


Tradisjonell nasjonaldag

Tradisjonell nasjonaldag

Sverre Kjølstad Fredag 13. mai 2011

Selv om Nordvik er ei lita grend har det vært tradisjon å arrangere 17. mai ved forsamlingshuset / Øygarden stadion. Det hadde kanskje vært naturlig å slutte seg til opplegget ved Stangvik skole siden barna går på den skolen. Argumentet for å holde til på Nordvik har delvis vært at arrangementet på skolen blir i største laget for de minste barna, og at den som er beskjeden ikke slipper til på lekene. Samtidig har det også vært hevdet at de eldste ikke drar til skolen, men blir heller hjemme. Ved å holde på denne tradisjonen, samt juletrefest, må en regne med å stille i komiteen ca hvert tredje år!

Les heile saka

Første sykketrim

Første sykketrim

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. mai 2011

Onsdag arrangerte TIL’s trimgruppe den første sykkeltrimmen, der Bordholmen var eit sentralt samlingspunkt og arena for deltakarane. Første kvelden var det 46 som meldte seg for å ta del i sykkelaktivitetane, men det var nok mange fleir som var der og deltok i det sosiale livet omkring arrangementet, seier ledar i trimgruppa Jostein Bruset. Alle er velkomne til til å ta del i sykkeltrimmen. Sjølv om du ikkje vil sykle, så kan du ta med barnevogna, trehjulsykkel, eller du kan berre kom som du er og ta del i det sosiale.

Les heile saka

Kva heiter toppane?

Kva heiter toppane?

Jon Olav Ørsal Onsdag 11. mai 2011

Jon Bruset har vore ute på tur igjen. Denne gongen til Halsetfjellet, og han har sendt oss eit bilde med utsikt mot Kvennsetdalen og Lauvådalen.  Nederst til venstre på bildet ser vi anleggsvegen og rørgata opp til inntaket til Råssåfoss Kraftverk. Men veit du kva alle fjelltoppane heiter? Vi kjem med svar på dette om […]


Nær rekordvarme

Nær rekordvarme

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. mai 2011

Det har nerast vore sjokkvarme nokre dagar, og frå vêrstasjonen på Småhjellå melder Jon Bruset at det er berre ein maidag som slår gårdagens maksimumstemperatur dei siste 20 åra. Måndag noterte Jon i overkant av 26 varmegrader i skuggen, medan ein maidag i 2004 var over 27 grader. Varmen i kombinasjon med litt fønvind sette fart i snøsmeltinga, og det vart stor vassføring i elvane utover dagen.

Les heile saka