Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nær rekordvarme

Nær rekordvarme

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. mai 2011

Det har nerast vore sjokkvarme nokre dagar, og frå vêrstasjonen på Småhjellå melder Jon Bruset at det er berre ein maidag som slår gårdagens maksimumstemperatur dei siste 20 åra. Måndag noterte Jon i overkant av 26 varmegrader i skuggen, medan ein maidag i 2004 var over 27 grader. Varmen i kombinasjon med litt fønvind sette fart i snøsmeltinga, og det vart stor vassføring i elvane utover dagen.

No ser det ut til at varmebølga er slutt for denne gongen, og det meldes om kaldere vær og regn frå onsdag kveld og utover.  Sjå langtidsvarslet på yr.no her.

Publisert: 10. mai 2011, 22:00