Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fikk laks på kroken…

Fikk laks på kroken…

Jon Olav Ørsal Torsdag 28. juni 2012

Det er enno litt låg temperatur i Toåa, og difor har nok ikkje laksefisket enno «teke heilt av». Men i helga er det meldt litt regn som vil hjelpe på temperaturen, for vassføringe har dei siste dagane vore perfekt. Men etter forholda er da fisket bra og det er teke laks på over 7 kg både onsdag og torsdag. I dag tok Peter Ojala frå Husum i Sverige 2 laksar i Halsahølen. Den eine var over 7 kg, samt ein smålaks opp mot 2 kg.

Peter har aner frå Todalen, da han er sønn til Sigrid Husby Ojala frå Bjørli. Han har nok prøva fisket i Toåa før under ferieopphald hos bestefar Sigvart og bestemor Ragnhild. Det er mykje laks på veg opp elva, fortel Peter, som hadde sett eit titals laksar fra Halsabrua på den stunda han stod der..

I tillegg kom det på land ein laks på 7,6 kg i Raudåholen på onsdag. Den var det Anders Dufva som tok, også han er svenske og kjem frå Stockholm. Han er i Todalen på laksefiske saman med kompisen Henrik Båge frå Vesterås. Dei har tilhald på Todalshytta, og har frista laksefisket i Toåa denne veka. Dei lika seg så godt i Toåa at dei vil attende hit neste år også, sjølv om dette er einaste laksen så langt.

Først publisert: 28. juni 2012, 22:34 - Sist oppdatert: 29. juni 2012, 00:02