Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 6661 artiklar i dette arkivet.


2. juledag: «God gammeldags» juletrefest

2. juledag: «God gammeldags» juletrefest

Jon Olav Ørsal Onsdag 14. desember 2011

Etter at det vart slutt på å halde juletrefest 2. juledag har dette vore eit sakn både for store og små, seier Terje Nordvik. No vil soknerådet dra igang att denne tradisjonen sog satsar altså på god gammeldags juletrefest, slik dei vart arrangert på 60-70-talet. Dette blir det siste arrangementet av mange som soknerådet har kjørt i høve 150-årsjubileet til Todalen kyrkje, og det skal bli både underhaldning, mat og jultregong i ettermiddagstimane 2. juledag.

Les heile saka

Fann att sykkelen!

Fann att sykkelen!

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. desember 2011

Sykkelen til Ingrid Bergå er komen på plass igjen! Etter at nyheita om sykkeltjuveriet har florert både i Radio P4, Facebook  og i andre media, er omsider saka løyst, fortel Terje Nordvik i ein e-post til Todalen.no. Det var Alf Inge Ulvund som fann att sykkelen i Husbyevja, og den er no attende hos sin rette […]


Karin vart ny kommunalsjef

Karin vart ny kommunalsjef

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. desember 2011

Formannskapet gjorde i dag einstemmig vedtak om å tilsette Karin Halle (46) i den nyoppretta stillinga som kommunalsjef i Surnadal kommune. Ansvarsområdet blir spesielt næring og utvikling. Karin Halle kjem frå Todalen, og kjem  frå stillinga som NHO-direktør i Sogn og Fjordane. Tidlegare var ho reiselivssjef i Sogn og Fjordane i ein periode. Karin har […]


Førjulskonsert til ettertanke

Førjulskonsert til ettertanke

Jon Olav Ørsal Måndag 12. desember 2011

Hadde søndag kveld gleda av å vere til tilhøyrar under førejulskonserten ”Levd liv” i Stangvik-kyrkja. Det var på mange måtar ein alternativ konsert, eller kanskje ein aller helst skal seie ein konsert til ettertanke! Det var romanitrubaduren Elias Akselsen, punkdronninga Betty Johnsen og trønderen Børge Pedersen, som saman med vår eiga Tone Søyset Døving og musikarane Thomas Henriksen og Bjørn Røstad som ga oss nærare to timar med topp song- og musikkoppleving.

Les heile saka

Utstilling i Skulstuå

Utstilling i Skulstuå

Jon Olav Ørsal Sundag 11. desember 2011

Søndag opna utstillinga med gamle skulebilde i Skultuå (Gammelskulen) Den vart i utgangspunktet laga til 90-årsjubileet Todalen skule, og det har vore stor interesse for å få vist denne utstillinga igjen, fortel Ragna Kvendset i foreninga Venner av Skulstuå. Her var det utstillt skulebilde både frå gammel og ny tid, og interessant visning både for gammel og ung. Ragna fortel at det framleis er mange «hol» i utstillinga, så dersom det er nokon som har bilde frå skuletida som ikkje er med i ustillinga så er ho takksam for å få ein kopi av disse. Utstillinga var opa søndag, men det vil også bli ope ein eller fleire dagar i romjula, samt seinare utpå nyåret.

Les heile saka

G-16 røk ut av Malvikcupen

G-16 røk ut av Malvikcupen

Jon Olav Ørsal Sundag 11. desember 2011

Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen G16 2011 har deltatt i Malvikcupen i Abrahallen denne helga. Tilsammen deltok det 209 lag i cupen, men laget røk ut. Kanut Haugen skriver til Todalen.no at det ble seier 4-0 mot Hommelvik 2, tap 0-2 mot Rørvik 1 og uavgjort 1-1 mot Utleira 2 holdt dessverre ikke til å komme videre i Malvikcupen. […]


Julestunt med bra besøk

Julestunt med bra besøk

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. desember 2011

Førjulsstuntet som Todalen.no hadde utafor ICA Todalen laurdag var bra besøkt. Det var styret i Todalen.no som gjorde ein liten aksjon for å selje kaffekrus og personlege medlemskap i nettsida. Dei serverte kaffe, julebakst og nystekte bakels, og sjølvsagt julegløgg, til bygdefolket som var innom butikken ein elles gråkald førjulslaurdag. I løpet av formiddagstimane var det eit knapt hundretal som var innom standen.

Les heile saka

Søndag kveld: Levd liv» – og Tone

Søndag kveld: Levd liv» – og Tone

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. desember 2011

”Levd liv” er tittelen på årets julekonsert i Stangvik kyrkje 11. desember kl 19.00, i regi av Laget Vårsøg. Dei byr på eit sterkt ensemble: romanitrubaduren Elias Akselsen, punkdronninga Betty Johnsen og trønderen Børge Pedersen, saman med vår eiga Tone Søyset Døving.

Les heile saka

Utstilling av klassebilde frå tre år hundre

Utstilling av klassebilde frå tre år hundre

Jon Olav Ørsal Fredag 9. desember 2011

Frå Ragna Kvendset har vi fått invitasjon til utstilling i Gammelskulen. Ho skriv: «Under 90års-jubileumet for Todalen skule i april, laga FAU ei utstilling med klassebilde frå Todalen skule gjennom tre år hundre. No er utstillinga sett opp i Skulstuå (Gammelskulen), og søndag 11.desember er utstillinga open frå kl 13.00 – 16.00. Utstillinga vert og […]


Vi syng inn jula

Vi syng inn jula

Jon Olav Ørsal Måndag 5. desember 2011

Todalskoret og Åsskard kyrkjekor inviterer deg til å bli med og synge inn jula torsdag kveld. Det skjer i Todalen kyrkje kl 19.30. Her får du høyre kora med forsterkingar av solistane Guro Gaarder Sigen (bass), Marthe Bellsvik Stavrum (fløyte) og Synnøve Hammervold (fiolin) på instrument. I tillegg får vi solosong av Nora Bøe, Sigrid Bøe […]


Onsdag: Siste eldremiddagen før jul!

Jon Olav Ørsal Måndag 5. desember 2011

Fra eldremiddagen har vi fått følgende melding: «Onsdag 7. desember kl.13.00 serverer vi julemiddag med god gammeldags julemat. Det blir ribbe med godt tilbehør og riskrem til dessert. Vi ønsker gamle og nye medlemmer hjertelig velkommen, ta gjerne med en ekstra venn!   Vi  håper på et hyggelig samvær med julesanger og kanskje noen julehistorier også. Vel […]


Rokk og fokk

Rokk og fokk

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. desember 2011

Den sørlege vindretninga laga skikkeleg rokk og fokk i Snøfjellet og Skjæringfjellet lørdag. Med litt motsol til hjelp,  vart dette litt av et spell som vi har prøva å få med på biletet. Det er meldt stort sett same vindretning til i morgon tidleg, men da vil vinden dreie meir i vestleg retning. Det vil kanskje […]