Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Utstilling i Skulstuå

Utstilling i Skulstuå

Jon Olav Ørsal Sundag 11. desember 2011

Søndag opna utstillinga med gamle skulebilde i Skultuå (Gammelskulen) Den vart i utgangspunktet laga til 90-årsjubileet Todalen skule, og det har vore stor interesse for å få vist denne utstillinga igjen, fortel Ragna Kvendset i foreninga Venner av Skulstuå. Her var det utstillt skulebilde både frå gammel og ny tid, og interessant visning både for gammel og ung. Ragna fortel at det framleis er mange «hol» i utstillinga, så dersom det er nokon som har bilde frå skuletida som ikkje er med i ustillinga så er ho takksam for å få ein kopi av disse. Utstillinga var opa søndag, men det vil også bli ope ein eller fleire dagar i romjula, samt seinare utpå nyåret.

Stua i den største leiligheita er no ferdig oppussa, og det er no høve til å leige lokala til utstillinga, møtelokale og anna bruk, fortel Ragna Kvendset ( tlf 480 00 144)  kontaktperson for eventuell utleie. I tillegg til stua er det muleg å leige kjøkkenet til kaffekoking etc.

Det er no etablert ein stiftelse som har overteke og eig huset, fortel Anders Talgø. Han er ledar for styret i «Stiftinga Skulstuå i Todalen». Han fortel at alle registreringar no er i orden, og at dei ventar på at Surnadal kommune skal ordne med overføring av eigedommen til stiftinga. Det er vidare planar om å ruste opp resten av lokala til ymse slags bruk, men her vil det verta naudsynt å stille tæring etter næring, fortel Talgø. Det vidare arbeidet vil med andre ord forsette etter kvart som det blir økonomi til det.

Bakgrunn for at stiftinga har overteke eigdomen er at dette var heimen til forfattaren Leif Halse. I tillegg er dette den eldste offenlege bygninga i kommunen, og vart bygd og bruka til skulestue i Todalen frå 1800-talet ein gong.

«Stiftinga Skulstuå i Todalen» er altså eigdomsselskap, medan foreninga «Venner av Skulstuå» skal stå for driftinga av eigedommen. «Venner av Skulstuå» er ei vanleg forening som det blir høve for alle til å bli medlem i, og den vil bli organisert som ein frivillig organisasjon på same måte som f.eks. Saniteten og Todalen I.L.

Her finn du nokre bildeglimt frå utstillinga.     Alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 11. desember 2011, 22:00 - Sist oppdatert: 13. desember 2011, 13:03