Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fann att sykkelen!

Fann att sykkelen!

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. desember 2011

Sykkelen til Ingrid Bergå er komen på plass igjen! Etter at nyheita om sykkeltjuveriet har florert både i Radio P4, Facebook  og i andre media, er omsider saka løyst, fortel Terje Nordvik i ein e-post til Todalen.no. Det var Alf Inge Ulvund som fann att sykkelen i Husbyevja, og den er no attende hos sin rette eigar på Bergå. Han fortel vidare at Ingrid sjølvsagt vart glad og at ho takkar alle som har vore på utkik etter sykkelen og ikkje minst rettar ho ein stor takk til finnaren.

Publisert: 13. desember 2011, 22:00