Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Julestunt med bra besøk

Julestunt med bra besøk

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. desember 2011

Førjulsstuntet som Todalen.no hadde utafor ICA Todalen laurdag var bra besøkt. Det var styret i Todalen.no som gjorde ein liten aksjon for å selje kaffekrus og personlege medlemskap for nettsida. Dei serverte kaffe, julebakst og nystekte bakels, og sjølvsagt julegløgg, til bygdefolket som var innom butikken ein elles gråkald førjulslaurdag. I løpet av formiddagstimane var det eit knapt hundretal som var innom standen.

Dei fleste tok seg tid til å delta i ei brukerundersøking om sine brukarvanar for nettsida Todalen.no.  Alle som tok del i undersøkinga var med i trekkjinga om eit gåvekort frå ICA Todalen, og her vart Liv Jorunn Moe den heldige vinnaren.

Det var også arrangert konkurranse i FørjulsQuiz, med spørsmål om nyheitssaker som har florert på Todalen.no det siste året. Her vart det Ståle Ansnes som trekte det lengste strået, med rett svar på 20 av dei 21 spørsmåla. Her ventar det også ein premie for innsatsen.

I løpet av dagen vart det tegna eit førtital nye personlege medlemar i Todalen.no. Stor takk til dei som støttar arbeidet med nettsida Todalen.no. Personleg medlemskap kostar kr 100, og eit støttemedlemskap til drifta av nettstaden. Ønskjer du også å bli personleg medlem kan du finne meir informasjon om medlemskap og melde deg på ved å klikke deg inn på medlemssida her. Alle monner dreg rett veg, og vi ønskjer deg velkomen som medlem!

Vi har fått mange spørsmål om å legge ut spørsmåla frå Quiz-konkurransen. Her finn du både spørsmåla og fasiten!

Her finn du nokre bilder frå laurdagens førjulsstunt ved ICA Todalen.   Alle bilde: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 10. desember 2011, 19:39 - Sist oppdatert: 11. desember 2011, 16:18