Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Førjulskonsert til ettertanke

Førjulskonsert til ettertanke

Jon Olav Ørsal Måndag 12. desember 2011

Hadde søndag kveld gleda av å vere til tilhøyrar under førejulskonserten ”Levd liv”  i Stangvik-kyrkja. Det var på mange måtar ein alternativ konsert, eller kanskje ein aller helst skal seie ein konsert til ettertanke! Det var romanitrubaduren Elias Akselsen, punkdronninga Betty Johnsen og trønderen Børge Pedersen, som saman med vår eiga Tone Søyset Døving og musikarane Thomas Henriksen og Bjørn Røstad som ga oss nærare to timar med topp song- og musikkoppleving.

Det er uvanleg at artistar ”leverer ut” sinegripande historier og triste opplevingar til publikum. Men eg trur dei var stolte av at di til tross for det dei har vore gjennom kunne fortelje oss at dei hadde klart seg gjennom prøvelsane, og at dei no kunne levere ein topp julekonsert til publikum. Det kan beskrivast med eit ord: Imponerande!

Av heile programmet var det da trioen Akselsen, Pedersen og Johnsen stemte i med ”O helga natt” med Elias Akselsen som solist som gjorde størst inntrykk. Da kom julestemninga for fullt. Elles fikk vi høyre ”Julekveldsvise”, ”I natt jag drömte”, ”Trommegutten” og mang fleire.

Tone Søyset Døving framførte dei tre songane frå Jule-CD’n sin, med ”Mitt hjerte alltid vanker”, Juleverset og Julenatt. I det heletatt var det ein flott konsert, og må berre seie at eg godt kan tenkje meg ein reprise til neste år i førjulstida.

Bilde frå konserten «levd liv» – Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 12. desember 2011, 20:21