Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7119 artiklar i dette arkivet.


Death by Dior – kjøp lodd!

Death by Dior – kjøp lodd!

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. november 2012

Todalen Sanitetsforening driv no med førehandssalg av loddar på eit fint maleri dei har fått til utlodding med kunstnaren Ingun Redalen White. Trekkjinga skjer på adventskafeen i Sanitetshuset den 9. desember. Da Todalen.no var innom Matkroken L.Hals var det ledaren i Todalen sanitetsforening, Åse V. Redalen som sørga for loddsalg til iherdige kjøparar.

Les heile saka

Uvanleg novembervarme

Uvanleg novembervarme

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. november 2012

Den siste tida har det vore eit par dagar med uvanleg temperatur for november. Det har faktisk vore nemnt temperaturar heil opp mot 19-talet. Jon Bruset har sett på arkivet sitt, der han har registreringar heilt frå 1990. tatt en sjekk på høge temperaturer i november sia 1990. Onsdag registrerte han 16,8 grader som maksimumstemperatur, men det holdt ikkje til «pallplass» ein gong. Rekorden frå perioden 1990 – 2012 vart sett 6. november 2003, da det vart registrert 20,8 varmegrader.

Les heile saka

Eldremiddag og brannvern

Eldremiddag og brannvern

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. november 2012

Eldremiddagen samlast kvar onsdag i Sanitetshuset til middag. I går hadde dei samling, der det stod omnsstekt laks og fruktsuppe på menyen, og sjølvsagt kaffe og kaker etterpå. Det serveres god og heimlaga mat, og dette tiltaket sett deltakarane stor pris på. For det er ikkje berre mat, det er sosialt også. Enkelte gong er det også anna program på arrangementa. Slik som forrige onsdag, da feiarane Jon Arne Nordvik og Hans Kristian Haarstad troppa opp for å informere om «Brannvern for eldre».

Les heile saka

Laurdag: “Julmess” i Nistua Nordvik

Laurdag: “Julmess” i Nistua Nordvik

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. november 2012

Laurdag 24. november er det duka for ny «julmess». Denne gongen er det den tradisjonelle førjulsaktiviteten i Mastua i Nistua på Nordvik, der det blir ope mellom kl 12 til 17. Der blir det eit variert utval i produkt å få kjøpt, og litt tå kvart både for auge og gane. Kristine tek julefotograferinga i stabburet og lagar julekort, medan Arve bakar og sel flatbrød direkte frå steketakka.

Les heile saka

Stas med barnelek

Stas med barnelek

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. november 2012

På mandager mellom 18 og 19 arrangerer Todalen I.L. barnelek i gymsalen på Todalen oppvekstsenter. Apparatene settes ut rundt i gymsalen og barna løper rundt en hinderløype. Denne gangen starter barna med å drible ballen gjennom kjegler, så er det balansering bort til mattene som de stuper kråke på bort til ringene. Der gjelder det å slenge seg bort til neste matte uten å være nedi gulvet.

Les heile saka

Historielaget presenterer nytt årsskrift

Historielaget presenterer nytt årsskrift

Jon Olav Ørsal Måndag 19. november 2012

Todalen historielag er klare med nytt årsskrift, og arrangerer tradisjonell lansering i Todalen ungdomshus søndag 25. november kl 13-16. I samband med lanseringa er det og laga ei kunstutstilling, der den allsidige Todals-kunstnaren Reidar Østvik vil stille ut ein del av sine arbeid. Etter lanseringa vil han kl 14 orientere om utstillinga. Historielaget byr sjølvsag […]


Juleverkstad i kjellaren

Juleverkstad i kjellaren

Jon Olav Ørsal Sundag 18. november 2012

I kjellaren på Skogtun, hos Lovise og Bernt Jørgensen, er det jul mesta heile året. Bernt har snekkarverkstaden sin i kjellaren, og der er det aktivitet frå mongon til kveld heile veka i gjennom, unnateke når han er ute på salgsrunde. No før jul er det ekstra travelt, for da skal han effektuere bestillingar frå kundar som skal ha heimsløydprodukt, samtidig som han skal væra med på forskjellige messer rundt omkring. Bernt har okkupert peisestua i kjellaren til utstillingslokale, og der er «alltid ope», gliser 81-åringen. Iallafall frå kl 06, til kl 23 modererer han seg etterpå. Når det er travle tider er også kona Lovise med på salgsarbeidet.

Les heile saka

Bra besøkt julemesse

Bra besøkt julemesse

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. november 2012

Det var bra med besøk på førsjulsmessa i Sanitetshuset laurdag ettermiddag. Dei hadde ope frå kl 12 og utover ettermiddagen, og hadde litt av kvart av ting og tang å by på, i tilleg til kaffeservering og sosialt samvær. Her var det nissar i mange variantar, strikketøy, lefse og mølsgraut, kjøkkenutstyr frå Tuppervare, prospektkort og bilder, samt karameller, drops, hekletøy, golvmatter, reingjeringsutstyr og kosmetikk.

Les heile saka

Klar for ein ny vinter

Klar for ein ny vinter

Jon Olav Ørsal Fredag 16. november 2012

Fredagens happening på Skogly var besøk frå Svein Stenberg frå Comfort Surnadal, og etteryn og reingjering av varmepumpeutstyret. Det er no 3 år sia utstyret vart montert, og det er lurt å ta eit ettersyn med 2-3 års mellomrom. Det var ein god del støv og smuss i innedelen, og det gjorde nok godt å få renset opp for å få full effekt på utstyret.

Les heile saka

Måndag blir det asfalt

Måndag blir det asfalt

Jon Olav Ørsal Fredag 16. november 2012

Fredag var det full aktivitet med førebuing til legging av fast dekke i Pilskaret. Både gravemaskin og veihøvel var på plass, og retta opp og jamna til slik at det er klart til måndag når asfaltleggaren dukkar opp. Det var litt tele på kantane, med det var ikkje verre enn at veihøvelen bokstaveleg fortalt gjorde «vei i vellinga».

Les heile saka

Hageland skyt til værs….

Hageland skyt til værs….

Jon Olav Ørsal Fredag 16. november 2012

Surnadal Hagesenter As er det rette namnet på det nye hagesentret som blir bygd ved sia av Byggmakkerbutikken på Syltøran. I forrige veke kom stålkonstruksjonane til bygget, og før helga starta arbeidet med montering av det 2600 m2 bygget som skal bli eit fullverdig hagesenter i Hageland-kjeda.

Les heile saka

Laurdag: Hugs førjulsmarked

Laurdag: Hugs førjulsmarked

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. november 2012

Laurdag er det dagen for å besøke førjulsmarkedet i Sanitetshuset. det startar kl 12 og varer til kl 16. Det er Ingrid, Elinor, Wenche, Solvor og Kristine som har gått saman om å lage julemarked, og dei satsar på å få til ei triveleg ettermiddagsstund i Sanitetshuset, der du kan kjøpe forskjellige ting og tang. Der blir det og kaffesalg, med noko å bite i.

Les heile saka