Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fint føre – men mykje snø og rasfare i høgda

Fint føre – men mykje snø og rasfare i høgda

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. februar 2013

Tysdag var Jon Bruset ein tur til fjells for å prøve skiføret. Han tok turen opp Klævhauan forbi Talgøsetra og opp til Tristeinan.  Det var godt føre og etter at Todalen idrettslag med Arnt Ivar Brønbo på snøskuter hadde køyrd på spor vart det nok bra.

Det er imidlertid mykje laussnø i høgda, så vi anbefaler at du sjekkar skredvarslinga på www.varsom.no før du drar til fjells. her finn du eige varsel for Trollheimen.  Jon Bruset hadde målt 70 cm laus nysnø på tur til Haukarsteinen ein dag tidlegare.

Først publisert: 7. februar 2013, 05:00 - Sist oppdatert: 6. februar 2013, 20:42