Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sirkringsarbeid ved tunellen

Sirkringsarbeid ved tunellen

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. februar 2013

Firmaet Betongrenovering As er i gang med sikringsarbeidet i Svinviktunellen igjen. Dei skal no fullføre jobben som vart starta før jul, og noe skal det leggjast netting over det rasfarlige området.  Nettingen skal så boltes fast, slik at eventuell lausmasse blir halden på plass.

Heilt sia tunellen vart opna i 2002 har det vore problem med lausmasse som har rasa nedover mot vegbanen når det har vore store nedbørsmengder. Steinar i variert størrelse har ramla ned på vegbanen rett framfor tunellopninga, og det har nok vore årsak til mang farlege situasjonar gjennom desse åra. No ser det ut til at skråninga blir skikkeleg sikra, slik at ein unngår at det kjem stein ut i vegbanen. Sikringsarbeidet går no mot slutten, men vi oppfordrar til å kjøre forsiktig forbi tunellopninga til arbeidet er ferdig.

Publisert: 6. februar 2013, 18:00