Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Solfest og frokostservering på oppvekstsenteret

Solfest og frokostservering på oppvekstsenteret

Dordi Jorunn Halle, Todalen oppvekstsenter Onsdag 6. februar 2013

Sjette februar er ein merkedag for oss ved oppvekstsenteret i Todalen: Det er samefolkets nasjonaldag og sola kjem att! I år var vi attåt så heldige at vi fekk besøk av bondelaget som serverte lunsj.  Det har vorte ein triveleg og god tradisjon at Todalen bondelag kvar vinter serverer lunsj til små og store ved oppvekstsenteret. Bondelaget serverer grovt brød med godt og sunt pålegg, kakao, gulrot og kålrabi.

Brødet smakar ekstra godt da det er heimbaka og steikt i den gamle steinomnen i eldhuset i Steinarstuå. I år var det ferske og gode kyllingegg frå Pestua til pålegg, og Ståle er ekspert på å koke store mengder med kakao. Elevane set stor pris på å få servert mat på skulen, og maten går ned på høgkant! Ikkje minst så er det triveleg med fellesmåltid. Etter måltidet var det friminutt. Spørsmålet var: Kjem sola att etter tre månader bak dei høge fjella? Og klokka eitt dukka sola opp! Det vart ein kjempefin dag, og vi seier tusen takk til Todalen bondelag for kjøle god mat!

Bilde frå solfestdag og frokostservering i Todalen oppvekstsenter.  Foto: Dordi Jorunn Halle

Publisert: 6. februar 2013, 21:38