Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Talgø er tilbake på Stockholmsmessa

Talgø er tilbake på Stockholmsmessa

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. februar 2013

Tysdag når Stockholmsmessa opna, var Talgø på plass for å vise sine produkt for det Skandinaviske markedet. Det er no meir enn ti år sia sist Talgø hadde utstilling der, og det har nok skjedd store endringar både i den skandinaviske møbelmarknaden og hos Talgø sia den gongen.  Stockholmsmessa er skandinavias største møteplass for møbel og lysdesign for både private heimar og offentlege miljø. Talgø har fylt opp 420 m2 med møblar for stue og kjøkken, soverom, garderobar og hagemøblar.

Stockholmsmessa går over 5 dagar, fra 5. til 9. februar.  Publikum vil få sjå både bestseljarane frå den norske marknaden, men det blir også vist mykje nytt. På messa vil vi nok treffe både norske og svenske forhandlarar, og mange vil vi nok kjenne att frå sist vi var inne på den svenske marknaden, fortel marketingsjef  Heid Snekvik. Talgø stiller på messa med ein stab på rundt 20 personar denne gongen, og i tillegg har ein monteringsgjeng hatt ein stri tørn med montering av messestand og utstillingar dei siste dagane.

«God stemning – en veldig flott stand – den beste vi har hatt noen sinne. Masse folk og veldig bra repons både på varer og priser. Hurraa er første tilbakemelding fra oss :-)»,  skriv marketingsjef  Heid Snekvik som kommentar til bilda ho har sendt oss.

Publisert: 5. februar 2013, 19:40