Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Gubbetrim med ishockey

Gubbetrim med ishockey

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. februar 2013

Måndag kveld var det full fart på isen på Bordholmen. Topp istilhøve hadde bokstaveleg talt lokka gubbetrimmen ut på glattisen denne kvelden, og i lyset frå lyskastarane vart det utkjempa harde duellar med pucken. Sjølv om det var 7 kuldegrader hadde gjengen ingen problemer med å halde varmen, og det var berre såvidt dei hadde tid til å bli med på ein liten fotosession.

Først snø og så regn kunne lett sett ein effektiv stoppar på isaktivitetane på Bordholmen, men Knut Bergli i Todalen Idrettslag arrangerte ein kjapp rydde dugnad på isen laurdag. Derfor var det no kjempefin is på banen, og etter vermeldingane på yr.no å døme vil det fortsette minst ei vekes tid framover.

Først publisert: 5. februar 2013, 05:00 - Sist oppdatert: 4. februar 2013, 22:41