Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7047 artiklar i dette arkivet.


Reisebrev: Bakels på Sjømannskyrkja i Singapore

Jon Olav Ørsal Sundag 16. mars 2014

Borghild og Terje Talgø er på i Østen på messebesøk. 3 store messer har dei beøkt i løpet av eit par veker, før dei no snart vender nasen heimover igjen. Sist laurdag vart det tid for eit besøk i Sjømannskyrkja i Singapore, og Borghild har skrive reisebrev om besøket der. Bakels er varemerket for Sjømannskyrkja, og sjølvsagt vart det traktering med bakels og kaffe da dei kom på besøk. Og Borghild kvitterte med CD til Sjømannskyrkja, – med song og musikk frå Todalskoret og Åsskard kyrkjekor der ho er aktiv songar.


Tross alt heldig!

Jon Olav Ørsal Sundag 16. mars 2014

Det var nok hell i uhell for Bjørgulf Øyen som onsdag i kveldinga vart skadd under vedarbeid like ved heimen på Solvoll. I eit uhell med motorsaga fikk han eit kutt i ansiktet, som første til store blødninger. Han kom seg inn og fikk varsla kona Solvår, som kjapt fikk varsla ambulansen på 113. Ho stod i kontakt med AMK-sentalen slik at dei kunne følge utviklinga til ambulansen kom og tok over.


Spleisar på ladestasjonar for el-bilar

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. mars 2014

El-bilar er på frammarsj og stadig fleire bilprodusentar lanserer sine alternativ til bilar med el-drift. I Surnadal er det enno registrert ei einsikra antal bilar med slik drift, men det kjem nok etter kvart fleire. Amfi Drift, Svorka energi og Surnadal kommune satsar no på at ladestasjonar skal være på plass på ettersommaren, og satsar på eit spleiselag, skriv TK i sin papirutgåve i dag.


Ustabilt i NetCom-nettet

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. mars 2014

Laurdag opplever vi stadige brudd og ustabil dekning i mobilnettet til NetCom i Todalen.  Om feilen ligg i basen i Todalen, eller om det er andre plassar, har vi ikkje nokon informasjon om. Det er sjølvsagt same problemet for breibandstrafikken i NetCom-nettet.


Birkebeinerrennet er avlyst

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. mars 2014

Sterk vind med storm i kasta i fjellet mellom Rena og Lillehammer har gjort at årsets Birkebeinerrenn er avlyst. Det var i år rundt 17 000 deltakarar som skulle delta i årets renn, og det rennleiinga vurderte det som uforsvarleg å sleppe så mykje folk til fjells slik tilhøva var i dag tidleg. Det er venta at vinden aukar utover dagen. Det er nok mange som er skuffa, etter å ha førebudd seg på Birken i vinter, deriblant veteranen Johan Kvendset som sjølvsagt var påmeldt.


Laurdag: Cafe Dala feirer snøen……

Jon Olav Ørsal Fredag 14. mars 2014

Denne helga skulle det vore Norgescup i Randonee på Kårvatn. Snøen kom for seint, men butikken på låven Kårvatn Fjellutstyr er ikkje rådlause av den grunn. Arrangement blir det i alle fall, sjølv om det blir litt annleis enn tiltenkt. I ein e-post til Todalen.no skriv Gudmund Kårvatn: «Vi feier snøen, og Ingvild kjøyrer på med Café Dala laurdag 11-14.


Songkveld med korsong – og årsmøte

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. mars 2014

Todalen sokneråd ønskjer alle velkomen til songkveld med årsmøte onsdag 26. mars kl 19.30. Da vil Todalskoret og Åsskard kyrkjekor synge frå Den nye norske salmeboka. Etterpå er det årsmøte, og sjølvsagt kyrkjekaffe.


Hjelm og visir redda livet…

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. mars 2014

Bruk av fullt verneutstyr var nok avgjørende  da en vedhoggar i Todalen skadet seg stygt ved bruk av motorsag onsdag i kveldinga.  Ambulansetjenesten var raskt på pletten, men med skader i ansiktet og stort blodtap var det nødvendig med hjelp av helikoptertransport på veg til sjukehuset. Vedkomande vart operert ved ankomst til sjukehuset og tilstander er no […]


Ikkje dametrim dei to første torsdagane

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. mars 2014

Turid Hals Sæther melder at dametrimmen går ut både førstkomande og neste torsdag. Det blir torsdag 13. mars, og neste torsdag 20. mars, slik at neste trimkveld for damene blir 27. mars kl 20.00


Opphevar forbod mot bålbrenning

Jon Olav Ørsal Måndag 10. mars 2014

Forbodet mot open eld og bålbrenning er oppheva i dag. Det er kanskje ikkje nokon nyheitbombe, da det har regna såpass at det ikkje lenger er nokon brannfare. Brannsjefane på Nordmøre oppfordar folk til å være forsiktige, da det kan være lokale variasjonar i nedbørsmengden.


Søndagssjakk i Kaffekroken

Jon Olav Ørsal Sundag 9. mars 2014

Søndags kveld var det ny sosial kveld med sjakk i Kaffekroken på butikken. Eit titals sjakkinteresserte møttes på kveldstid for å friske opp kunskapane med nokre omgangar på sjakkbrettet. Det er såpass interesse for dette at sjakkgjengen med Terje Nordvik og Trygve Halle vil prøve å å arrangere sjakktreff annakvar søndagskveld ei stund framover.


Må vente til måndag på snøen…

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. mars 2014

Vi må nok vente til måndag før vi får noko vesentlig nedbør, men da blir det heile dagen vest- og nordvestleg vindretning og litt nedbør frå morgonen av. Først som regn og sludd, som går over til snø. Frå ettermiddagen vil det bli meir og vil vare fram til tysdag morgon. Vidare meldes det om opphald, før det blir regn igjen mot helga, skal vi tru vêrmeldinga på yr.no.