Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Får ny E6 som næraste nabo på Vinstra

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. juni 2014

Talgø har sitt ferdigvarelager på industriområdet Lomoen ved Vinstra sentrum. Derfrå går distribusjonen av Talgø-produkt ut i den «store verden», kvar veke med 12 kjøreruter rundt heile Noreg, samt ei rute til Sverige. Eit eige selskap, Talgø Logistikk driftar lageret, som disponerer 20.000 m2 med lagerplass på eit tomteområde på rundt 54 dekar. No bygges det heilt ny E6 frå Fryasletta syd for Vinstra, til Sjoa som ligg nord for Vinstra. Den opnar hausten 2016, og da blir lageret på Lomoen liggjande midt i smørauga, seier konsernsjef Terje Talgø.

Vinstra_Sveinung&TerjeT_2931

Degleg leiar i Talgø Logistikk Sveinung Pedersen saman med Terje Talgø utafor lageret på Lomoen. Foto: Jon Olav Ørsal

 

VinstraSentrum_Lomoen_2887_Pil

Her ligg Talgø-lageret tett attmed den nye E6 som er under arbeid. Foto: Jon Olav Ørsal

Den gamle E6’n går i dag på nordsida av Lågen, og dermed gjennom Vinstra sentrum. For å kome til Lomoen industriområde må ein i dag kjøre over brua på Vinstra og vidare forbi Peer Gynt-sentret for å kome til lageret. Nå nyvegen kjem i 2016 vil den gå forbi eit par hundre meter frå lageret, og det blir ei stor avkjøring til Vinstra like ved.  No er vegarbeidet godt i gang, og ein ser alt konturane av nyvegen forbi lageret.

På Vinstra har Talgøkonsernet i dag 10 tilsette på lageret, gjennom selskapet Talgø Logistikk. Dei handterer lagerhald og distribusjon for både Talgø Møbelfabrikk, T-Komponent og store deler av MøreTre sin OutLiving-kolleksjon og hagemøbler. Etter at storavtalen med Coop glapp tidlegare i vinter, måtte Talgø Logistikk redusere antal tilsette med 4 personar.

Lagergjengen_Vinstra_2949

Lagergjengen i Talgø Logistikk på Vinstra. Foto: Jon Olav Ørsal

Frå lageret på Vinstra blir varene distribuert saman ut til forhandlarar over heile landet. Kundane hos Talgø er i dag dei største byggvarekjedene, samt møbelkjedene Skeidar og Bohus. Mykje av møblar og hagemøblar kjem i containere frå Asia eller Aust-Europa, og skal til forhandlarar på Austlandet. Det er difor praktisk med lager på «halvvegen» på Vinstra, og ein sparar transport til Todalen eller Surnadal, seier Talgø som skryter av lagergjengen på Vinstra for stor ståpåvilje og god orden på lageret.

Lagerreoler_Vinstra_2953

Lange og høge lagerreolar på Vinstralageret. Go to gate number… Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 25. juni 2014, 12:27